It's My Life av The Animals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
It's My Life
Singel av The Animals
B-side «I'm Going to Change the World»
Utgjeve Oktober 1965
Innspelt 1965
Sjanger Rock
Lengd 3:09
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Roger Atkins, Carl D'Errico
Produsent Mickie Most
The Animals-kronologi
«We Gotta Get Out of This Place»
(Juli 1965)
It's My Life «Inside-Looking Out»
(Februar 1966)

«It's My Life» er ein song skriven av Brill Building-låtskrivarane Roger Atkins og Carl D'Errico. Songen vart opphavleg spelt inn av det britiske rockebandet the Animals, som gav songen ut som singel i oktober 1965.

Songen vart ein hit i fleire land, og har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, som Bruce Springsteen.

The Animals-versjonen[endre | endre wikiteksten]

D'Errico, som skreiv musikken, og Atkins, som skreiv teksten, var profesjonelle låtskrivarar tilknytte Brill Building-miljøet i New York City. «It's My Life» vart skriven spesifikt for The Animals etter at produsent Mickie Most hadde bestilt songar til den nye innspelinga deira. Andre songar som kom samstundes til bandet var «We Gotta Get Out of This Place» og «Don't Bring Me Down».

Songen vart driven fram av eit bassgitar-riff av Chas Chandler, i lag med ein ringande elektrisk 12-strengs gitar frå Hilton Valentine.

«It's My Life» hadde premiere på det amerikanske fjernsynsshowet Hullabaloo hausten 1965.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
Canada[1] 2
Noreg 5
Storbritannia 7
USA - Billboard Hot 100[2] 23

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn eller framført songen er Bruce Springsteen, David Johansen, Alcatrazz og Bon Jovi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «R.P.M. Play Sheet» (PHP). RPM Vol. 4 (No. 17). December 20, 1965. 
  2. Whitburn, Joel. «Chapter 1: The Artists». The Billboard Book of Top 40 Hits (9th ed.). Billboard Books. ss. 32. ISBN 9780823085545.