It's My Party

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
It's My Party
Singel av Lesley Gore
frå albumet I'll Cry If I Want To
B-side «Danny»
Utgjeve april 1963
Innspelt 30. mars 1963
Sjanger Pop
Lengd 2:19
Selskap Mercury Records
Låtskrivar(ar) Walter Gold, John Gluck Jr., Herb Weiner
Produsent Quincy Jones
Lesley Gore-kronologi
It's My Party «Judy's Turn to Cry»
(1963)

«It's My Party» er ein song gjort kjend av den amerikanske songaren Lesley Gore i 1963. Songen nådde førsteplassen i USA.[1] «It's My Party» nådde 9. plass i Storbritannia og vart den einaste store hitten til Gore der. Det var den første hitsingelen for produsenten Quincy Jones.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Songen omhandlar ei tenåringsjente som har gebursdagsfest då kjærasten hennar Johnny forsvinn og så dukkar opp att i lag med ei anna jente, Judy, som går med ringen hans.

Refrenget i songen, «It's my party and I'll cry if I want to... You would cry too if it happened to you» («Det er min fest og eg gret om eg vil... du ville òg ha gråte om det skjedde deg») vart ein del av det amerikanske popkulturelle språket som eit uttrykkk som skildra nokon som har blitt sterkt audmjuka under ei hending som i utgangspunktet skulle ha vore ei lykkeleg hending.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«It's My Party» vart skriven i 1962 av John Gluck, Wally Gold og Herb Weiner, som vart tilsette som låtskrivarar hos Aaron Schroeder Music. Demoen for songen vart spelt inn av Barbara Jean English, ei engelsk jente med erfaring frå fleire jentegrupper (the Clickettes, the Fashions) som då arbeidde som både resepsjonist i firmaet og med Jimmy Radcliffe. Radcliffe produserte demoen og i følgje English prøvde å overtale Musicor, selskapet Aaron Schroeder eigde, om å gje han ut som singel, eller ta han i studio og spele han inn på nytt, men dei var ikkje interesserte.[2]

Den første innspelinga av songen vart gjort av Helen Shapiro for albumet hennar Helen in Nashville i februar 1963 med Shapiro sin faste produsent Norrie Paramor og Al Kasha. Versjonen til Shapiro vart derimot ikkje valt ut som singel frå albumet, og då albumet kom ut hadde Lesley Gore alt fått ein hit med songen.

Lesley Gore har fortalt at «It's My Party» var ein av om lag to hundre demoar som produsent Quincy Jones tok med heim til ho i februar 1963. Då ho høyrte «It's My Party», sa Gore til Jones: «Den er ikkje så verst. Eg likar den. God melodi. La oss leggje den i kanskje-haugen» Songen viste seg å vere den einaste demoen Gore og Jones vart samde om å spele inn. Med Jones som produsent og Claus Ogerman som arrangør, spelte Gore inn «It's My Party» i Bell Sound Studios i Manhattan den 30. mars 1963.[2]

I mars 1963 høyrte Phil Spector demoen av «It's My Party» då han vitja kontoret til Aaron Schroeder. Wally Gold hugsa han sa: «Flott, eg elskar den. Eg skal gjere den med the Crystals.»[3]

Schroeder fekk visstnok vite at Lesley Gore hadde spelt inn «It's My Party» då Quincy Jones inviterte han til å høyre den ferdige innspelinga, som Schroeder syns var standard. Han meinte at Spector truleg ville lage ein langt sterkare versjon med the Crystals og ønskte ikkje å miste godvilje hos Spector, så han prøvde å overtale Jones om å vente med songen. Schroeder nemnde ikkje Spector si utgåve for Jones, men Jones og Spector var seinare på same konsert i Carnegie Hall og då dei møttest utanfor fortalte Spector at han hadde spelt inn «It's My Party» med the Crystals.1 Jones forsvann frå konserten og brukte resten av kvelden i Bell Sound Studios. Han laga ei prøvetrykking av songen som bestod av hundre kopiar, som han så sende til viktige radiostasjonar i USA. Gore høyrte songen sin på radio for første gongen fredagen etter. Den offisielle versjonen av «It's My Party» kom ut ein månad seinare og nådde førsteplassen nasjonalt i løpet av fire veker.[4] [1] Jones vart utanlands då «It's My Party» kom ut, og då han kom attende uttrykte han misnøye med at Aaron Schroeder hadde gjeve ut singelen utan å gje songaren eit finare namn enn Lesley Gore. Schroeder svarte då: «Har ingen fortalt det til deg?...Quince, songen er på førsteplass. Bryr du deg verkeleg om kva etternamnet hennar er?»

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Carroll Baker, Bryan Ferry, Dave Stewart og Barbara Gaskin, Sigue Sigue Sputnik (som «It's My Planet», the Chiffons, the Paris Sisters, Brenda Lee, Sue Thompson og Amy Winehouse.

Ein svensk versjon, kalla «Leva livet» vart skriven av Stig Anderson, og spelt inn av Lill-Babs (1963), Magnus Uggla (1979) og Lotta Engberg (1997). Lill-Babs-versjonen låg på Svensktoppen i fire veker[5]-June 26, 1964, peaking at #5.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]