It Ain't Necessarily So
| It Ain't Necessarily So Singel av Cher & Larry Adler frå albumet The Glory of Gershwin |
||
| B-side | «I'll Build a Stairway to Paradise» «The Gettysburgh Address» |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 1994 | |
| Innspelt | 1994 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 4:12 | |
| Selskap | Mercury Records | |
| Låtskrivar(ar) | George Gershwin, Ira Gershwin | |
| Produsent | George Martin | |
| Cher-kronologi | ||
| «I Got You Babe» (1993) |
It Ain't Necessarily So | «Love Can Build a Bridge» (1995) |
«It Ain't Necessarily So» er ein song med musikk av George Gershwin og tekst av Ira Gershwin. Songen kjem frå Gershwin-operaen Porgy and Bess (1935) der han vert sungen av rollefiguren Sportin' Life, ein dophandlar, som uttrykker tvil om fleire av utsegnene i Bibelen.
Sportin' Life vart spelt av John W. Bubbles. Andre kjende personar som har spelt rolla er Cab Calloway på scenen og Sammy Davis, Jr. i filmen frå 1959.
Songen er spelt inn mange gonger i moderne tid. Han vart ein stor hit i 1965 for songaren Normie Rowe, og var med på debutalbumet til The Moody Blues, The Magnificent Moodies frå 1965. Han vart òg spelt av The Honeycombs, Bronski Beat i 1984, Cher i 1994, og Jamie Cullum i 2002, og av Aretha Franklin og Bobby Darin i 1959 på albumet That's All. Aretha spelte òg inn songen for albumet sitt Aretha (with the Ray Bryant Combo). Sting spelte òg ein versjon av songen. Brian Wilson spelte songen i 2010 for albumet Brian Wilson Reimagines Gershwin.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «It Ain't Necessarily So» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: