It Won't Be Wrong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
It Won't Be Wrong
singel av The Byrds
frå albumet Turn! Turn! Turn!
B-side

«Set You Free This Time»

Utgjeve 18. februar 1966
Innspelt September 1965, Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger Folkrock, rock
Lengd 1:58
Selskap CBS
Låtskrivar(ar) Jim McGuinn, Harvey Gerst
Produsent Terry Melcher
The Byrds-kronologi 
«Set You Free This Time»
(1966)
It Won't Be Wrong «Eight Miles High»
(1966)


«It Won't Be Wrong» er ein song av det amerikanske folkrock bandet The Byrds, som finst på det andre albumet deira, Turn! Turn! Turn! frå 1965.[1] Han vart skriven i 1964 av bandmedlem Jim McGuinn og venen hans Harvey Gerst.[2][3] Songen vart opphavleg gjevne ut med den alternative tittelen «Don't Be Long» på B-sida til ein singel The Byrds gav ut på Elektra Records i oktober 1964 under namnet The Beefeaters.[4][5] Då songen vart spelt inn på ny i september 1965, hadde dei endra tittelen til «It Won't Be Wrong».[5][6]

Teksten er ei forholdsvis enkel bøn om at ein kjæraste må bite på den romantiske flørtinga til songaren.[7] Musikalsk peikar gitarriffet etter kvart vers framover mot raga-eksperimenteringa som ein finn i dei seinare songane til bandet, som «Eight Miles High» og «Why», som begge vart spelt inn om lag tre månader etter «It Won't Be Wrong».[6][8]

Songen vart etter kvart vald ut som B-side for singelen «Set You Free This Time» i januar 1966.[1] Singelen selde derimot dårleg, og Columbia Records byrja å reklamere for B-sida i staden, slik at «It Won't Be Wrong» klartra til 63. plass på den amerikanske singellista.[9][10] Noko liknande skjedde i Storbritannia der plateselskapet etter ein positiv omtale av B-sida, gav ut heile singelen på ny med «It Won't Be Wrong» som A-side.[1][1][11] Dette medførte derimot til forvirring i radiokanalane om kva song dei skulle spele, og dette kan ha vore medverkande til at singelen ikkje gjekk inn på listene i Storbritannia.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 541–545. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 67. ISBN 1-90600-215-0. 
  3. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 40. ISBN 0-95295-401-X. 
  4. «Byrds Discography». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 17. oktober 2010. 
  5. 5,0 5,1 Rogan, Johnny. (1996). Turn! Turn! Turn! (1996 CD liner notes). 
  6. 6,0 6,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 619–620. ISBN 0-95295-401-X. 
  7. «It Won't Be Wrong Lyrics». The Byrds Lyrics Page. Henta 17. oktober 2010. 
  8. «Turn! Turn! Turn!». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 17. oktober 2010. 
  9. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 79. ISBN 1-90600-215-0. 
  10. Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  11. 11,0 11,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 156. ISBN 0-95295-401-X.