It Would Be So Nice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
It Would Be So Nice
Singel av Pink Floyd
B-side

«Julia Dream»

Språk engelsk
Utgjeve 12. mars 1968
Innspelt Februar 1968
Studio Abbey Road Studios i London
Sjanger Psykedelisk pop[1]
Lengd 3:47
Selskap Columbia (EMI) (Storbritannia)
Komponist Richard Wright
Tekstforfattar Richard Wright
Låtskrivar(ar) Richard Wright
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi 
«Apples and Oranges»
(1967)
It Would Be So Nice «Let There Be More Light»
(1968)


«It Would Be So Nice» er ein song frå 1968 av rockebandet Pink Floyd, skriven av Richard Wright. Han vart gjeven ut som den fjerde singelen til bandet. Songen vart ikkje med på samleplata Relics frå 1971, og før utgjevinga av The Early Singles i 1992 med boksen Shine On fanst han berre på Masters of Rock. B-sida «Julia Dream» var skriven av bassisten Roger Waters. Denne kom òg ut på The Early Singles.

I følgje ein avisartikkel frå 1968 finst det to versjonar av den originale singelen med noko forskjellig tekst. Soga er at den første teksten hadde ein referanse til den britiske avisa Evening Standard. Det vart sagt at dette vart bannlyst av BBC på grunn av den strenge reklmaeregelen som sa at ikkje noko produkt kunne nemnast med namn. Gruppa vart tvungen til å bruke meir tid på innspelinga og spele inn ein spesialversjon for BBC, der teksten vart endra til «Daily Standard». Denne vertsjonen er den einaste som er gjeven ut på LP og CD. Det er ukjend kor mange kopiar det finst av «Evening Standard»-platene og om dei finst i det heile tatt. Trass i auka publisitet om singelen, vart han lite spelt på radio og gjekk aldri inn på singellista.

I The Dark Side of the Moon: The Making of the Pink Floyd Masterpiece skriv John Harris om songen:

Den første innspelinga [Pink Floyd] gav ut etter at Syd Barrett forlet dei var Richard Wright sin nesten uuthaldelege underlege 'It Would Be So Nice,' ein singel med enkel pop-psykedelia, kanskje meir lik musikken til artistar som the Hollies og the Monkees. Som Roger Waters seinare sa, 'Ingen høyrte han fordi han var så elendig.' Waters sin eigen komposisjon var ikkje stort betre. 'Julia Dream', B-sida til singelen, synte mykje av det same problemet: sjølv om bandet ønskte å halde på Syd Barrett-estetikken, var forsøka deira håplaust enkle.

Nick Mason var til og med meir tydeleg enn Waters om kor mykje han mislikte songen, og kalla han «fucking awful».

Ein coververjson av songen finst på det andre soloalbumet til Captain Sensible, The Power of Love.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av songen fint på Captain Sensible sitt andre soloalbum, The Power of Love.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harris, John (2006). The Dark Side of the Moon: The Making of the Pink Floyd Masterpiece. Harper Perennial. ISBN 0-00-723229-2.