Italiensk Graubünden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Italiensk Graubünden på eit kart over kantonen Graubünden.

Italiensk Graubünden eller Italiensk Grigioni (italiensk Grigionitaliano eller Grigioni italiano; tysk Italienischbünden; retoromansk Grischun talian) er ein region i kantonen Graubünden i Sveits der ein snakkar italiensk og lombardisk.

Det ligg heilt sør i kantonen og omfattar distrikta Moesa (i vest) og Bernina (i aust), og kommunane Bivio i Albula og Bregaglia i Maloja. Det bur kring 15 000 innbyggjarar i desse områda og av desse talar over 85 % italiensk eller lombardisk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]