Italiensk konsert, BWV 971

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Italiensk konsert
BWV 971
Solokonsert av Johann Sebastian Bach
SjangerKlavermusikk
PeriodeBarokken
Komponert1735
Publiseringsdato1735
Typisk lengd12:49
Satsar/akter3
ToneartF-dur

Italiensk konsert, BWV 971, opphavleg tittel: Concerto nach Italienischem Gusto (Konsert etter italiensk smak), er ein tre satsar lang cembalokonsert av Johann Sebastian Bach. Han vart publisert i 1735 som den første halvdelen av Clavier-Übung II, i lag med Ouverture i fransk stil. Italiensk konsert har vorte eit av dei mest populære klaververka til Bach og er spelt mykje på både cembalo og piano.

Satsar:

  1. Utan tempo-merking
  2. Andante
  3. Presto

Sjølv om ein solokonsert er avhengig av dei kontrasterande rollene til dei forskjellige instrumentgruppene i eit ensemble, imiterer Bach denne effekten ved å skape kontrastar ved hjelp av manualar i forte og piano på eit tomanuals cembalo. I lag med Ouverture i fransk stil og somme av Goldbergvariasjonane, er dette eit av få verk av Bach, som krev cembalo med to manualar.

Bach transkriberte òg Italiensk konsert av Vivaldi og andre for cembalo (BWV 972-987) og for orgel eller pedalcembalo (BWV 592-596).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]