Italiensk rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Italiensk rock er rockemusikk som hovudsakleg er skapt i Italia. Musikksjangeren hare røter i musikken som spreidde seg frå USA tidleg i 1960-åra og i denne perioden vart det spelt inn mange coverversjonar av dei tidlegaste rock and roll-songane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1960- & 1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Den første særeigne italienske singer-songwriter var Piero Ciampi, som hadde ein stil som minna om franske chansonniers. Psykedelisk rock vart utvikla og fekk eit kraftig oppsving i USA og Storbritannia i 1960-åra, og inspirerte italienske psykedeliske band som Mario Schifano og Le Orme. Under studentopprøra i 1968 byrja mange unge og skolerte italienarar å identifisere seg med motkulturen i Frankrike, Mexico, USA og andre stader i verda. Unge italienarar hadde ofte stor kjennskap til klassiske komponistar som Bach. Resultatet vart ei rekkje rockeband inspirerte av klassisk musikk som passa godt inn i det internasjonale steget mot progressiv rock. Italienske progressive rocke band var mellom andre:

Somme band, som Osanna, Area, Perigeo og Arti & Mestieri blanda progressiv rock med jazz. Il Balletto Di Bronzo-albumet YS er eit av dei mest omdiskuterte italienske progrockalbuma. Somme kalla det søppel og andre lovpriste det som det beste progressive albumet gjennom tidene. I den same perioden, tidleg i 1970-åra, dukka italienske songarar og låtskrivarar som Lucio Battisti, Fabrizio De André og Francesco Guccini opp.

Mot slutten av 1970-åra hadde dei italienske punkrock-pionerane Skiantos gjeve ut Monotono i 1978, som sparka i gang det italienske pønkmiljøet. Seinare band som The Confusional Quartet og Gaznevada blanda New wave og italiensk varieta med punk og andre retningar.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1980-åra hadde Italia eit av dei mest aktive hardcore og thrash metal-miljøa. Seint i 1980-åra dukka det opp fleire ekstreme band innan heavy metal. Av desse banda finn ein:

1990- & 2000-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1990-åra vart italienske band innan avantgarde, alternativ rock og Metal internasjonalt kjend, i det minste hos kritikarane. Lydmodellen var ei blanding av Big Black, Sonic Youth og Fugazi, medan brukte tema var ein slags ny-eksistensialisme.[1] Italia, heimlandet for melodisk musikk, vart eit av dei store internasjonale sentra for post-rock. Gianna Nannini vart i 1970-, 1980-åra og inn i 1990-åra den første italienske rockemusikaren som vart populær utanfor Italia. Særleg i Tyskland, Austerrike, Sveits, Benelux og seinare i Mexico. Sjølv om Francesco De Gregori var godt likt av både kritikarar og folk som fann fram til han utanfor Italia, var det Nannini som vart det første italienske popikonet som klarte å skifte mellom pop og rock opp gjennom generasjonane. Zucchero, Eros Ramazzotti og Jovanotti (seinare Nek og Laura Pausini) fekk alle stor internasjonal suksess som popartistar seint i 1980-åra og i 1990-åra.

Irene Grandi hadde ei liknande reise som Nannini og var til og med meir mangesidig, men ho hadde stort sett berre suksess i Italia.

Andre artistar som dukka opp i 1990-åra og seinare er:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Scaruffi, Piero (2002). «A brief summary of Italian rock music». Piero Scaruffi. Henta 19. juni 2013.