Ithaca Chasma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nærbilete av den sørlege delen av Ithaca Chasma. Biletet er teke av Cassini-sonden.
Slik førestiller ein kunstar seg Ithaca Chasma. Saturn kan sjåast i bakgrunnen og Cassini oppe i høgre hjørne.

Ithaca Chasma er ein dal på saturnmånen Tethys. Han er 100 kilometer brei, 3-5 kilometer djup og 2000 kilometer lang. Han strekkjer seg over omtrent tre fjerdedelar av Tethys' omkrins. Namnet kjem i frå øya Itháki i Hellas.

Èin teori for korleis dalen blei danna, går ut på at vatnet som utgjer mesteparten av det indre til Tethys fraus til is. Sidan frosen is har større volum enn flytande vatn, utvida overflata til Tethys seg og sprakk opp.

Ein annan teori går ut på at dalen blei danna same tid som det gigantiske Odysseus-krateret som ligg på motsett side av månen. Nedslaget danna sjokkbølgjer som kan han fått overflata på den andre sida av månen til å bresta.