Ivan Bilibin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivan Bilibin

Boris Kustodjev: Portrett av Ivan Bilibin, 1901
Verkeleg namn Иван Яковлевич Билибин
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 4. august 1876
Tarkhovka
Død

7. februar 1942 (65 år)
St. Petersburg

Yrke illustratør, kunstmålar, grafikar
Språk russisk
Ivan Bilibin på Commons

Ivan Jakovlevitsj Bilibin (16. august 18717. februar 1942) var ein russisk målar, illustratør og scenograf. Bilibin var ein av dei utøvarane innan illustrasjonskunst og scenografi på 1900-talet som vart halden fram som førebilete. Han vart særleg kjend for sine jugend-inspirerte illustrasjonar til russiske folkeeventyr. I gruppa Mir iskusstva ('Kunstverda') var han ein leiande medlem og han var delaktig i fleire av Ballets Russes sine oppsetjingar. Gjennom heile si tid var han sterkt påverka av slavisk folkekunst.

Heksa Baba Jaga, 1899

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ivan Bilibin kom til verda i ein forstad til St. Petersburg, faren var militærlege. Ivan studerte målarkunst fyrst hos Ilja Repin i heimbyen. Svært stor merksemd fekk Bilibin då han i 1899 gav ut fleire nyskapande illustrasjonar til russiske folkeeventyr. I 1900 reiste han til vidare studiar i München.

Åra frå 1902 til -04 la Bilibin ut på fleire reiser i dei nordlege delane av Russland, der han vart særs oppteken av den tradisjonelle folkekunsten og trearkitekturen. Desse kunstformene formidla han vidare gjennom monografien Folkekunst i Nord-Russland (1904). Han vart også påverka av tradisjonell japansk grafikk og mellom anna av Gerhard Munthe sine dekorative bilete.

Under den russiske revolusjonen i 1905 laga han revolusjonære avisteikningar, men overfor oktober-revolusjonen i 1917 kjende han seg framand. Etter korte opphald i Kairo og Alexandria slo han seg ned i Paris i 1925. Der arbeidde han med å dekorere rikmannsbustader og russisk-ortodokse kyrkjer.

Scenedekor til opera, 1909

Lengt mot heimlandet førte til han vende heim til Russland i 1936, etter fyrst å ha laga dekorasjonar til den sovjetiske ambassaden i Paris. I heimbyen førelas han ved det sovjetrussiske kunstakademiet fram til 1941. Bilibin døydde under omleiringa av Leningrad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Iwan Jakowlewitsch Bilibin