Ivan Gašparovič
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivan Gašparovič (fødd 27. mars 1941 i Poltár i Banská Bystrica-provinsen) er ein slovakisk politikar, og president i Slovakia sidan 15. juni 2004. Han representerer partiet Hnutie za demokraciu (Rørsla for demokrati), som han var med å stifta i 2002, etter å ha forlete tidlegare president Vladimír Mečiar sitt nasjonalistiske parti Hnutie za demokratické Slovensko (Rørsla for eit demokratisk Slovakia). Han vart vald med 59,9 % av røystene med Mečiar som motkandidat i andre runde av presidentvalet, etter å ha kome på andreplass i første runde med 22,3 % av røystene.
| Føregjengar Rudolf Schuster |
President i Slovakia 2004– |
Etterfylgjar — |