Ivan Kramskoj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett

Ivan Nikolajevitsj Kramskoj (russisk: Иван Николаевич Крамской), (8. juni 18375. april 1887) var ein russisk kunstmålar og kunstkritikar. Han var initiativtakar til kunstnarforeininga Peredvizjnikij som vart grunnlagd i 1870.

Kramskoj var av småborgarleg bakgrunn, fødd i Ostrogozjsk. Frå 1857 studerte han ved Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg, der han oppnådde to prisar. Då kunstelevane hevda at dei sjølve skulle få velje sine emne, reagerte leiinga av akademiet sterkt avvisande. Seinare, då akademiet som obligatorisk emne for ei tevling bestemte "Gjestebod i Valhall", braut 14 yngre kunstnar med Kramskoj i spissen ut or den akademiske skulen. Dei danna eit særskilt kunstnarlaug kalla Kunstnarartellet.

Kristus i ørkenen, 1872

Under påverknad av idear frå russiske, revolusjonære demokratar hevda Kramskoj eit kunstsyn der han stilte krav om at kunstnaren skulle tene samfunnet, prinsipp om realisme i kunsten, dessutan moralsk innhald og nasjonalitet i kunsten. Kramskoj vart ein intellektuell leiar for demokratisk innstilte kunstnarar. År 1870 grunna han saman med likesinna kunstmålarar ei foreining for vandreutstillingar, kalla Peredvizjnikij. I alle år var han stødig forsvarar av denne kunstnargruppa sine mål.

Vladimir Solovjov, 1885

Kramskojs kunstnariske styrke låg i portrettet, noko det finst mange prov på i Tretjakovgalleriet i Moskva (Nekrasov, Saltykov-Sjtsjedrin, Grigorovitsj, Tolstoj m. fl.). I dette galleriet finst også hans kjende måleri Kristus i ørkenen og Utrøysteleg sorg (bilete av hustrua hans ved eit barns død). Trass i at Kramskoj var ujamn i sine verk og ikkje hadde lag med større komposisjonar, var han ein av Russlands fremste målarar av si tid. Særleg gjennom opposisjonen mot akademiets forelda stillover hadde han som person stor innverknad på den moderne russisk målarkunsten.

Han døydde der han hadde verka, i St. Petersburg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Iwan Nikolajewitsch Kramskoj