Ivan Kuratov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivan Kuratov på eit sovjetisk frimerke frå Kuratov-jubileumsåret 1989.

Ivan Alekseevitsj Kuratov (Иван Алексеевич Куратов) (18. juli 183929. november 1875), fødd i Kibra (i dag: Kuratovo i Komi, døydde i Vernyj (i dag Almaty, var ein poet og lingvist, mest kjend for innsatsen sin for litteratur på komi. Kuratov er rekna for å vere komiane sin nasjonalskald.

Kuratov vart fødd som son av ein diakon. 1850-1860 studerte han til prest i Jarensk og Vologda. Mellom 1861 og 1865 arbeidde han som lærar i Ust-Sysolsk, og det var i denne perioden han skreiv dei fleste dikta sine. I 1866 gjekk han på krigsskole i Kazan, og resten av livet arbeidde han i administrasjonen i Kasakhstan.

Som diktar skildra Kuratov komiane sitt liv og tradisjonar. Han sette om russisk og vesteuropeisk poesi til komi, og skreiv også ein grammatikk over komi. Kuratov vart berømt først på 1920-talet, då dikta hans vart publisert i antalogien Komi gižyśjas. Til hundreårsfesten for Kuratov vart den samla produksjonen hans publisert i to band.

Kjelder [endre]

  • Bolsjaja sovetskaja entsiklopedija om Kuratov
  • Finsk wikipedia om Kuratov

Bibliografi [endre]

  • «Сочинения»: Художественные произведения, т. 1, Сыктывкар, 1939; Лингвистические работы, т. 2, Сыктывкар, 1939. («Sotsjinenija: Khudodsjestvennye proizvedenija» band 1, Syktyvkar 1939; Lingvistitsjeskie raboty, band 2, Syktyvkar, 1939.)

Litteratur [endre]

  • Laakso, Johanna (toim.): Komin kansan ensimmäinen runoilija: 150 vuotta I. A. Kuratovin syntymästä. Castrenianumin toimitteita, 36. Helsinki: Helsingin yliopisto, 1990. ISBN 951-45-5238-5.