Ivan Ukhov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivan Ukhov tevlar i Doha i 2010.

Ivan Sergejevitsj Ukhov (fødd 29. mars 1986 i Tsjeljabinsk) er ein russisk høgdehoppar. Hans personlege rekord er på 2,40; 5 cm under verdsrekorden til Javier Sotomayor.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ivan Ukhovs fyrste internasjonale medalje kom i 2005, då han vart junior-europameister i Kaunas med eit hopp på 2,23. I 2009 vann han gull under innandørs-EM i friidrett Torino med eit hopp på 2,32. Ivan Ukhov deltok under EM i friidrett 2010 i Barcelona. Her hoppa han 2,31, men vart forbigått av landsmannen Aleksandr Sjustov med to centimeter, og Ukhov fekk difor sølvmedaljen. Same året deltok han under VM i innandørs friidrett i Doha, der han vann gullmedaljen med eit hopp på 2,36.

I 2011 vann han igjen gull under innandørs-EM i friidrett, då han vart den einaste som hoppa over 2,38. Under innandørs-VM i friidrett i Istanbul året etter greidde han bronsemedaljen. Ivan Ukhov debuterte i OL under sommar-OL 2012 i London. Her vann han olympisk gull som den einaste som hoppa over 2,38.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]