Ivar Bern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ivar Bern (fødd 20. januar 1967) er ein norsk sjakkspelar. Han er mest kjend for at han vann den 17. verdsmeisterskapen i fjernsjakk i byrjinga av 2006.

Også i nærsjakk er han ein sterk spelar, og vart utnemnd til internasjonal meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i 1992.

Ivar Bern vart med i Norges postsjakkforbund i 1986. Han vann Noregsmeisterskapen i postsjakk i 1988. Han vart Internasjonal meister i fjernsjakk i 1991 og Internasjonal Fjernsjakkstormeister i 1993.[1]

Ivar Bern kvalifiserte seg til den 17. VM-turneringa i fjernsjakk ved først å klare ein tredjeplass med 10,5 poeng av 16 moglege i ei VM-semifinale i åra 1989-1995. Dette gav han ein plass i 3/4-dels-finala, der han også tok 10,5 av 16, noko som gav ein fjerdeplass. Ivar Bern var dermed klar for VM-finala som starta i mars 2002. I januar 2006 var VM-turneringa enda ikkje avslutta, men den 7. januar 2006 var det klart at ingen av dei andre deltakarane kunne kome framom han på resultatlista. Ivar Bern hadde då avslutta alle sine parti, også i VM-finalen med 10,5 av 16 moglege. To andre spelarar hadde like mange poeng, men Ivar Bern hadde fleire kvalitetspoeng, og kunne dermed utropast som vinnar. Den 17. VM-turneringa gjekk så langsamt, at vinnaren av det 18. fjernsjakk-VM, Joop van Oosterom, var klar før det var klart at Ivar Bern hadde vunne det 17. VM. Ivar Bern hadde også eit svært godt resultat med andreplassen i den 7. World Cup-finala, som starta i 1994 og vart avslutta i 2001.[2]

I nærsjakk har Ivar Bern vunne den opne Noregsmeisterskapen 3 gongar, i 1986, 1989 og 1990. I Noregsmeisterskapen i sjakk er dei beste plasseringane tredjeplassar i 1989 og 1990.

Ivar Bern har vore med på det norske laget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) 3 gongar, i åra 1988 og 1992-1994.

Ivar Bern er medlem i Bergens Sjakklubb, og har deltatt på klubben sitt lag som vann NM for klubblag i 1994, 1997, 1998, 2000 og 2003.

Ivar Bern skriv sjakkspalta i Bergens Tidende.

Ivar Bern er utdanna psykolog, og arbeider som skulepsykolog. Ivar Bern har også vore aktiv som gitarist i rockegruppene The Swamp Babies og Syv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]