Ivar Geelmuyden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ivar Christian Sommerschild Geelmuyden (8. april 181921. mai 1875) var ein lærar og stortingsmann frå Trondheim. Han var far til Carl Geelmuyden, Christian Geelmuyden var bror hans.

Geelmuyden vart student frå Bergens katedralskule i 1837 og cand. mag. i 1844. Sidan var han lærar ved Nissens latin- og realskole i Christiania, frå 1853 overlærar ved realskulen i Fredrikshald. Frå 1862 til han døydde var han rektor ved Bergens katedralskule. Han forfatta fleire lærebøker i geografi.

Geelmuyden var medlem av bystyret i Fredrikshald 1855-62 og i Bergen frå 1863. Han var ordførar i Bergen 1867-68 og 1873-75.

Geelmuyden representerte Fredrikshald på Stortinget 1857 og på omframstortinget 1858. På begge tinga var han sekretær i bankkomiteen. Frå 1865 til han døydde var han stortingsrepresentant for Bergen. Han var 1865-66 medlem av av kyrkjekomiteen og trykkekomiteen, 1868-69 av Lagtinget og kyrkjekomite nr 2, samt sekretær i trykkekomiteen. Perioden 1871-73 var han formann i trykkekomiteen og medlem av Lagtinget og vegkomiteen. 1874-75 var han formann i kyrkjekomiteen og framleis medlem av Lagtinget. 28. april 1875 fekk han permisjon grunna sjukdom. Tre veker seinare døydde han i Bergen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914