Ivar Grøvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Grøvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. juli 1922
Død

9. juni 1984 (61 år)

Yrke skribent

Ivar Grøvik, (8. juli 19229. juni 1984), var reisetalar i Noregs Ungdomslag, skrivar i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag, lokalhistorikar og forfattar. Han vart fødd og voks opp i Grøvika i Liadalsbygda i Ørsta, der han også budde frå 1972.

I 1943-1944 gjekk han eit vinterkurs på Møre Folkehøgskule, og året etterpå gjekk han jordbruksskulen på Eidså.

Frå 1946 hadde han ei stilling som reisetalar i Noregs Ungdomslag i nokre år. I 1951 vart han skrivar i Aust-Agder Ungdomslag, og året etterpå vart han skrivar i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag med kontor i Ålesund, ei stilling han hadde i 20 år. Han var også forretningsførar for dei to lagsbruka, Kaffistova og Gjestestova i Ålesund.

Lokalhistorikar og forfattar[endre | endre wikiteksten]

Ivar Grøvik hadde ei stor breidde i sitt engasjement, og var ein produktiv forfattar.

I 1958 vart han skrivar og kasserar i Sunnmøre Historielag, skrivar vart han verande fram til 1983. Frå 1959 vart han også med i skriftstyret for Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, mesteparten av tida fram til og med 1983 som skriftstyrar.

Johannes Buset hadde laga ferdig gardssoga for Vartdalstranda fram til 1950. Ivar Grøvik tok på seg å føre verket vidare til 1960-talet, samstundes som han gjekk gjennom heile manuskriptet. Dette første bandet av Vartdalssoga kom så ut i 1964.

Bygdebokredaktør[endre | endre wikiteksten]

I 1972 tilsette Ørsta kommune Ivar Grøvik som bygdebokredaktør. Han stod for to band med Kultursoge for Hjørundfjord som kom i 1975 og 1977. Deretter fekk han laga ferdig band 2 av Vartdalssoga i 1982. Her skulle kome eit band til, og mykje av arbeidet med dette hadde han fått gjort då han vart sjuk. Han rakk likevel å få laga eit jubileumsskrift til 100-års-jubileet for Ørsta kommune i 1983.

Tillitsverv og skriving[endre | endre wikiteksten]

I 30 år, frå 1954 var han med i styret for Møre folkehøgskule, frå 1961 som formann. Han skreiv 75-årsskriftet for skulen, med tittel etter eit dikt av Henrik Straumsheim: «Ungdomstida - ei von på ny».

Han var med i styret for Sunnmøre Museum i 19 år, dei siste 7 åra som formann, fram til 1972. Han var deretter med i styret for museumslaget frå 1976 og nokre år, og formann i Ørsta bygdemuseumslag nokre år frå 1974. Han var med i styret for Sunnmøre målring, og i to periodar formann for Sunnmøre Mållag. Han var lokalpolitikar for Venstre, sat i kommunestyret og var formann i skulestyret i Ørsta.

I tillegg til dei skrifta som er nemnde over gav Grøvik ut fleire lokalhistoriske bøker og skreiv mykje i tidsskrift og blad. Allereie i 1953 skreiv han ei 60-årssoge til Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag, han skreiv «Møre og Romsdal Mjølkesentral 50 år» og «Noregs Ungdomslag, ei historisk synfaring». Han var med og redigerte «Møre og Romsdal i manns minne», ei utgåva av Peder Fylling si «Folkesagn og historiske optegnelser» og han var medredaktør for «Jul på Sunnmøre» frå 1976. Han skreiv jubileumsskrift for Hjørundfjord helselag, Ørsta idrottslag, Ørsta bygdemuseumslag, Ørsta sanitetslag, eit skrift om kunstnaren Dorothea Follestad og var aktivt med i bygdesogearbeidet i Gjerstad kommune, der kona hans, Gudrun, fødd Lunde, var frå.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hjørundfjordboka. Kultursoga I. Ørsta kommune, 1975
  • Hjørundfjordboka. Kultursoga II. Ørsta kommune, 1977

Utmerkingar og prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjarne Rabben: Ivar Grøvik. Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1984