Ivar Sælen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Sælen

Fødd19. november 1855
Lindås kommune
Død24. november 1923 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde
VervNorsk kyrkjeminister 30. mai 1923–23. november 1923
EtterfylgjarKarl Sanne
VervNorsk kyrkjeminister 6. mars 1923–30. mai 1923
FøregangarMartin Olsen Nalum
VervStortingsrepresentant 1900–1903, 1904–1906, 1910–1912 (suppleant)
VervOrdførar i Fana 1907–1910, 1913–1916
Alle verv

Ivar Bergesson Sælen (19. november 185524. november 1923) var ein gardbrukar og politikar for Høgre.

Sælen var fødd i Lindås, faren var gardbrukar og byggmeister. I 1863 flytta familien til garden Sælen i Birkeland sokn i Fana. Ivar Sælen var elev ved Sogndals folkehøgskule vinteren 1874-75. Frå 1877 var han gardbrukar på Sælen.

Han var i mange år medlem av heradsstyret i Fana, nokre år også ordførar.

Sælen var stortingsmann frå Søndre Bergenhus amt 1900-06, og var 1. vararepresentant for krinsen Midhordland 1910-12. Frå 1900 var han medlem av budsjettkomiteen, deretter frå 1903 medlem av justiskomiteen. Atter medlem av justiskomiteen i perioden 11.2.1910-19.2.1912, då han møtte i staden for Wollert Konow (SB).

Sælen var kyrkje- og undervisningsminister frå 6. mars 1923 til han hausten same året døydde i Kristiania.

I 1979 vart det reist ei byste av Sælen i Fyllingsdalen, forma av Nils Aas.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]