Ivo Andrić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ivo Andrić (Иво Андрић; fødd 9. oktober 1892 i Dolac nær Travnik i Austerrike-Ungarn, noverande Bosnia; død 13. mars 1975 i Beograd) var ein jugoslavisk forfattar, diplomat og politikar som i 1961 fekk Nobelprisen i litteratur «för den episka kraft varmed han gestaltat motiv och öden ur sitt lands historia.»[1][2] Den mest kjende boka til Andrić er Broen over Drina.

Ivo Andrić
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1961

Rundt 1920 tok Andrić til å arbeide for den jugoslaviske staten og skifta då over frå kroatisk til serbisk litteratur. Etter at den andre verdskrigen var over gjekk han i teneste i den – no sosialistiske – jugoslaviske staten.

Andrić gav ut to prosadiktsamlingar og tre novellesamlingar i åra rundt 1930. I 1945 blei han verdskjent for «den bosniske trilogien» med romanane Na Drini ćuprija, Gospođica og Travnička hronika.[3] Hovudtema i romanane og forteljingane er bosnisk levesett og historie og livet der aust og vest møtes. Han uttrykte dei politiske haldningane sine i bøkene; sjølv om han var tilhengar av den multietniske tankegangen til den jugoslaviske staten, skildra han òg problema ved at ulike kulturar levde tett saman.

Referansar og fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «for the epic force with which he has traced themes and depicted human destinies drawn from the history of his country»
  2. Nobelpristildelinga 1961 på nobelprize.org
  3. I norsk omsetjing Broen over Drina, Frøkenen og Konsulene (den siste i direkte omsetjing «Travnik-krøniken»)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ivo Andrić