Ivrea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fil:Duomo di Ivrea.JPG Ivrea er ein by i Piemonte nordvest i Italia. Byen ligg på begge breddene av elva Dora Baltea (ei sideelv til Po). Ivrea ligg i ein fordjupning i landskapet som har romma ein stor innsjø i førhistorisk tid. Byen har om lag 24 000 innbyggjarar.

1900-talet var Ivrea kjent som hovudkvarter for Olivetti, ein produsent av skrivemaskiner, mekaniske kalkulatorar og seinare, datamaskinar.

Ivrea er først nemnt som ein kavaleristasjon for hæren i Romarriket. Stasjonen blei grunnlagt 100 fvt. Det latinske namnet på byen er Eporedia, som tyder «stad for å byte hest».

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.