Izium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Izium
Ізюм
by
våpen
Land  Ukraina
Oblast Kharkivoblast
Rajon Iziumskyj rajon
Koordinatar 49°12′46″N 37°15′25″E / 49.21278°N 37.25694°E / 49.21278; 37.25694
Areal 43,6 km²
Folketal 56 100  (2001)
Folketettleik 1 287 / km²
Grunnlagd 1681
 - Bystatus 1685
Postnummer 64300
Retningsnummer 380-5743
Bilnummer АХ
Kart
Izium
49°11′45″N 37°16′49″E / 49.195833°N 37.280278°E / 49.195833; 37.280278
Wikimedia Commons: Izium
Nettstad: http://www.kharkivoda.gov.ua/show.php?page=izumska

Izium (ukrainsk Ізюм) er ein by ved elva Donets i Kharkiv oblast (provins) aust i Ukraina. Han er det administrative senteret i Iziumskyj rajon (distrikt), men byen er òg eit eige rajon i oblastet og ligg kring 120 km søraust for Kharkiv.

Byen vart først nemnd i 1571 i samband med krimtatarar på krigsstien og Izium vart eit viktig senter i Sloboda Ukraina og eit kosakkregiment heldt til her mellom 1688 og 1765. Under andre verdskrigen heldt den raude armeen eit stort bruhovud her. Dei vart avskorne av tyske styrkar og eliminert i det som vart ein av dei mest dyrekjøpte lærepengane til den raude armeen.

Namnet Izium tyder 'rosiner'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]