Izjora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Izjora
elv
Izjora ved Myza-Ivanovka
Land  Russland
Nedslagsfelt ~1 000 km²
Lengd 87 km
Munning Neva
Kart
Izjora
59°39′11″N 29°56′59″E / 59.653027777778°N 29.949805555556°E / 59.653027777778; 29.949805555556
Wikimedia Commons: Izhora River

Izjora (russisk Ижóра, finsk: Inkereenjoki), òg kalla Inger, er ei elv i Leningrad oblast i Russland og ei av sideelvane til Neva frå høgre. Elva er 150 km lang og har eit nedslagsfelt på om lag 1 000 km².

Elva spring ut like vest for byen Gattsjina, og renn nordaustover til ho munnar ut i Neva midt mellom St. Petersburg og Sjlisselburg, ved Ust-Izjora (direkte omsett som «Izjora sin munning»), der slaget ved Neva fann stad i 1240. Byane Kolpino og Kommunar ligg òg ved Izjora. Elva er kjend som det lengste svenske styrkar nokon gong kom mellom vikingtida og den store urotida.

Elva får vassføring både frå grunnvatn, snøsmelting, og regn. Grunnvasskjeldene er stabile både sommar og vinter, og sikrar at elva aldri tørkar ut eller frys til botn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]