Izra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°50′44″N 36°15′00″E
Izra'
ازرع
by
none  St. Georg basilika i Izra'
St. Georg basilika i Izra'
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Izra-distriktet
Nahiyah Izra'
høgd 600 moh
koordinatar 32°50′44″N 36°15′00″E
Folketal 19 158 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Izra

Izra' (arabisk ازرع) er ein by i Syria, som administrativt høyrer til Izra-distriktet i Daraa guvernement nord for Daraa. Izra' ligg 599 meter over havet og hadde i 2004 eit folketal på 19 158, i følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS).[1] Folkesetnaden er hovudsakleg kristne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Izraa, (Zorava, Zorowa eller Zorabene) var ein kanaanittisk by nemnt i Bibelen. Han ligg 80 km sør for Damaskus nord i provinsen Daraa, og namnet finst i «Tell Amarnabreva», dokument som vart utvekla mellom egyptarar og syriske herskarar i 1334 fvt. Eldgamle inskripsjonar frå romarane, då dei okkuperte Bashan-området, syner at byen på denne tida var ein viktig stad.

Ein inskripsjon, som vart funnen av arkeologen Richter, syner at byen hadde status som metrokomia (storby) under keisar Aleksander Severus (222-235 evt.) og vart kalla Zorava.[2]

Lejah, (Trakhonides eller «Det steinete landet») dannar ein trekant med Borac i toppunktet, Izraa i sørvest og Shahba i søraust.[3] I løpet av historia var denne regionen ein naturleg festning som var vanskeleg å erobre. Soldatane til Herodes klarte ikkje å legge det under seg. Sjølv krossfararane under Baldwin III klarte ikkje å få kontroll over området, på grunn av vanskeleg terreng, mangelen på vatn og motstanden til folket.

Kristendomen nådde tidleg dette området, på grunn av nærleiken til Det heilage landet, og han vart slik eit bispesete i Austromarriket. Han vart rangert som nest viktigast etter metropolittsetet i Bosra i heile provinsen Arabia .[4]

I 1253 gav An-Nasir Yusuf ordre om å legge tak på Fredagsmoskeen i Izra.[5]

Historikaren Ismail Abulfida skildra i boka si Taqwim al Buldan at det var ein av dei store hovudstadane i Hauran, 30 km frå regionen Sanameine».

I 1596 var Izra' oppført i osmanske skattelister som Madinat Zura' og var ein del av Badi Sarma nahiya i Hauran qada. Han hadde ein kristen folkesetnad som bestod av 175 hushaldningar og 61 ungkarar, og ein muslimsk folkesetnad på 59 hushaldningar og 30 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, geiter og/eller bikubar, vassmølle og jizya.[6]

I 1840 invaderte den egyptiske herskaren Ibrahim Pasha regionen og bomba kyrkja, med store skadar på murane og domen, men klarte ikkje å erobre byen. Under det store syriske opprøret mot Det franske mandatet (1925-1926), søkte opprørarane tilflukt i Izraa.[7]

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Izra kan oppleve særs kraftige jordskjelv (i snitt kvart 50. år) med styrke på 6-7 på Richterskalaen. Området har fote ekstrem tørke og Izra` har eit halvtørt klima. Lanromdået er oppdyrka og det er ikkje mykje att av den naturlege vegetasjonen. Landskapet er stort sett dekt av skogar, kratt og sletter.[8]

Klima[endre | endre wikiteksten]

August er den varmaste månaden med ein normal dagtemperatur på 33,5 °C. Januar er den kaldaste månaden med normal nattetemperatur på -16 ºC. August er den mest solrike månaden. Mest nedbør kjem det rundt januar, medan juni er den tørraste tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. Five years in Damascus and Hauran, Rev. J. L. Porter, 1855.
  3. L’Orient Romain, M. Sartre
  4. L’Arabie chrétienne, M. Picirillo, Mengès, 2002.
  5. Sharon, 2007, s. 165
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 217.
  7. Bostra, des origines à l’Islam, M. Sartre, Paris, 1985.
  8. http://www.chinci.com/#1%7C0%7Ctravel%7Cpa%7C0%7C169341%7CIzra`%7CSY%7CSyria%7CAsia/Damaskus%7CSY.06%7CPPL%7C32.8577778%7C36.2544444%7CDaraa