János Sajnovics

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Demonstratio. Idioma Ungarorum et Lapponum idem esse.

János Sajnovics de Tordas et Káloz (1733 Tordas – 1785 Buda) var ein ungarsk jesuitt og lærd, som arbeidde med språkvitskap, matematikk og astronomi. Han var den første som slo fast språkslektskapen innanfor dei finsk-ugriske språka.

I 1769 reiste Sajnovics til Vardø med ekspedisjonen som skulle undersøke Venuspassasjen som del av Danskekongen sin ekspedisjon. Der samanlikna han også, i lag med Anders Porsanger nordsamisk og ungarsk. I 1770 publiserte han undersøkinga Demonstratio. Idioma Ungarorum et Lapponum idem esse, der han på grunn av fonologiske og morfologiske kriteria slo fast at samisk, finsk og ungarsk hadde same opphav.

Sajnovics var sannsynlegvis den einaste som brukte fonologiske og morfologiske kriteria for å slå fast språkslektskap. William Jones slo fast at dei indoeuropeiske språka var i slekt først i 1786. Sajnovics er dermed grunnleggjaren av den historisk-komparative språkvitskapen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sajnovics , Joannis 1770: Demonstratio idioma Ungarorum et Lapponum idem esse. Tyrnaviae : Societatis Jesu
  • Sájnovics, János 1972: Beweis, daß die Sprache der Ungarn und Lappen dieselbe ist / Johannes Sajnovics ; (aus dem Lateinischen übertragen von Monika Ehlers) ; mit Anmerkungen und Nachwort herausgegebenvon Gyula Décsy und Wolfgang Veenker. Veröffentlichungen der Societas Uralo-Altaica