Järna

Koordinatar: 59°5′26.437″N 17°33′46.868″E / 59.09067694°N 17.56301889°E / 59.09067694; 17.56301889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Järna
tettstad
Land  Sverige
Areal 392 km²
Folketal 6 153 (31. desember 2020)
Kart
Järna
59°05′27″N 17°33′33″E / 59.090873596528°N 17.559176975932°E / 59.090873596528; 17.559176975932
Wikimedia Commons: Järna

Järna er ein svensk tettstad i Södertälje kommun i Stockholms län i landskapet Södermanland. I 2005 hadde tettstaden 6 284 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Samfunnet voks opp ved Järna stasjon på Västra stambanan, som blei opna i 1861. I 1913 opna Nyköpingsbanan.

Järna hadde status som municipalsamhälle i åra 1911–1956, og var administrasjonssenter i Järna kommune, som eksisterte i åra 1952–1970.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kulturhuset i Ytterjärna

Järna er sterkt dominert av ulike antroposofisk inspirerte verksemder. Den første var Mikaelsgårdens Läkepedagogiska Institut, som starta i 1935. I dag sysselset desse verksemdene nesten 2000 personar, fleire enn kommunen. Antroposofisk inspirerte verksemder blir hovudsakleg driven innan helse, skule og omsorg, samt handel, produksjon og jordbruk.

Dei mest kjende verksemdene er Vidarkliniken og Kulturhuset i Ytterjärna. Begge bygningane er teikna av Erik Asmussen. Andre kjende verksemder er den biodynamiske mølla og bakeriet ved Saltå.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Järna er eit jernbaneknutepunkt mellom Västra stambanan og Nyköpingsbanan. Ved stasjonen stoppar deltoga mellom Södertälje og Gnesta. Den næraste stasjonen i austleg retning er Södertälje Syd, der òg fjerntog stoppar, og den næraste stasjonnen i vestleg retning er Mölnbo. Det er bussamband med Södertälje, Hölö, Mörkö og Gnesta.

Järna er òg møteplass for to større vegar. E4 passerer ved Järna, og riksväg 57 har det austlege endepunktet sitt her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

59°5′26.437″N 17°33′46.868″E / 59.09067694°N 17.56301889°E / 59.09067694; 17.56301889