Jåblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jåblom


Parnassia palustris 030905.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Saxifragales
Familie: Parnassiaceae
Slekt: Parnassia Jåblomslekta
Art: P. palustris
Vitskapleg namn
Parnassia palustris

Jåblom er ei plante i plantefamilien celastraceae. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er fleirårig og kring 2 dm høg. Blada er snaue og hjarteforma med kvit prikk i spissen. Snau stengel utan eller med eitt sitjande blad. Skålforma kvit blomster. Fem av mjølberarane er blitt til flika organ der kvar flik endar i ein gulgrøn glinsande kjertel. Blomstrar kring juli månad på grasmyr, enger, strandenger, mest på kalkrik grunn. Finst gjennom heile Noreg. Funnen opp til 1750 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.