Jæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandstrand sør på Jæren, ved Ogna.

Jæren er eit kystlandskap i Rogaland fylke. Fram til byrjinga av 1900-talet var stavemåten «Jæderen» i bruk. Midt på Jæren ligg kommunane Time og Klepp. Sør-Jæren er Hå kommune. Høg-Jæren omfattar dei høgareliggjande områda i Time og Hå, og delar av Bjerkreim og Gjesdal kommunar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jæren er ei kyststripe. Det er prega av låge moreneryggar frå istida, og den næringsrike jorda frå desse. Det flate landskapet ender i jærstrendene.

Jæren er eit av dei beste landbruksområda i landet, men har òg mykje industri. Mykje av industrien er tradisjonelt knytt til landbruk, og mykje er knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.

Kommunane på Jæren[endre | endre wikiteksten]

Våpen Namn Folketal Kommunenr. Målform
Gjesdal komm.svg
Gjesdal 10 141 1122 Nøytral
Hå komm.svg
16 153 1119 Nøytral
Klepp komm.svg
Klepp 16 666 1120 Nynorsk
Randaberg komm.svg
Randaberg 9 965 1127 Nøytral
Sandnes komm.svg
Sandnes 64 034 1102 Nøytral
Sola komm.svg
Sola 22 487 1124 Nøytral
Stavanger komm.svg
Stavanger 122 602 1103 Bokmål
Time komm.svg
Time 15 945 1121 Nynorsk

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ein jærbu er anten ein som bur på Jæren, eller ein som kjem derifrå. Dialekten (talemålet) vert kalla «jærsk». Forfattaren Arne Garborg, med si sterke tilknyting til området, vert omtala som «jærbu og europear».

Jærbanen er namnet på jarnbanelina Stavanger-Egersund. Jærbanen vart opna i 1878, og gjorde Jæren meir tilgjengeleg for reisande utanfrå. I denne tida var fleire kunstmålarar aktive på Jæren. Jærmalarar som Kitty Kielland og Nicolai Ulfsten var mykje på Jæren, og måla landskapsbilete.

Lokalavis for jærkommunane er Jærbladet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jøssang, Lars Gaute: Industrieventyret på Jæren : 1800-2000, Nærbø 2004.
  • Lye, Kåre Arnstein (red): Jærboka, Ås 1978.
  • Torvund, Helge og Snorre Aske: Jæren : Himmel og hav, 2007.