Jærens rev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dagmerke på Revtangen

Jærens rev er den vestlegaste sandtangen på kysten av Jæren, han ligg på Reve i Klepp kommune, mellom Orrestranda og Borestranda.

I området har det vore mange skipsforlis langs den vêrharde Jærkysten, og ein redningsstasjon vart oppretta her, på garden Reve, i 1852.

Jærens rev er òg kjend for mykje vadefuglar, og Stavanger Museum har ein ornitologisk stasjon her.

På Revtangen er det sett opp eit dagmerke, Dagmerket på Revtangen.