Jörg Drehmel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jörg Drehmel

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 3. mai 1945 (78 år)
Sassen-Trantow
Yrke friidrettsutøvar
Språk tysk
Høgd 187 centimeter
Jörg Drehmel på Commons

Jörg Drehmel (fødd 3. april 1945) er ein tysk friidrettsutøvar frå landsbyen Trantow i forbundslandet Mecklenburg-Vorpommern, som deltok internasjonalt i tresteghopp. Han vart europameister i øvinga 1971, og tok sølvmedaljen under sommar-OL 1972.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Etter å drive med tikamp, satsa Drehmel frå 1966 på tresteghopp. Han sette personleg rekord med 16,27 m i 1968 og kom opp i europa-eliten i 1969, då han vart nummer seks i EM. I 1970 vann han trestegtevlinga under Europacupen for landslag med 17,13 m og vart den fyrste tyskaren over 17 meter.

I 1971 vann Drehmel gullmedaljen i tresteg under friidretts-EM i Helsingfors med eit hopp på 17,16 m, seks centimeter føre Viktor Sanejev frå Sovjetunionen. Vinnarhoppet vart prestert i for mykje vind til at det kunne godkjennast som rekord. Året etter gjorde han sitt livs lengste tresteghopp under OL i München, men 17,31 m var ikkje nok til å vinne OL-gull, Viktor Sanejev forsvarte OL-tittelen frå 1968 med ein margin på fire centimeter.

Drehmel vart austtysk meister i tresteghopp i 1969-72 og 1974.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]