Jølstravatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jølstravatnet
Jølstravatnet - Sett frå Vassenden ved utløpet til vatnet.
Sett frå Vassenden ved utløpet til vatnet.
Stad Jølster (Sogn og Fjordane)
Koordinatar 61°29′45″N 06°07′54″EKoordinatar: 61°29′45″N 06°07′54″E
Overflateareal 39,01 km²
Kystlengd1 68,48 km
Høgd over havet 207 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Jølstravatnet er eit stort vatn midt i Jølster kommune i Sunnfjord. Vatnet er over 30 km langt og ca. 40 km². Største djupne er 210 m, det vil seie at botnen på vatnet ligg under havnivå. Namnet kjem sjølvsagt frå bygda det ligg i, Jølster som stammar frå det norrøne uttrykket jolmster, som tyder bråk og larm. Utløpselva heiter Jølstra og renn ut i sjøen i Førde 24 km vest for Vassenden i Jølster. Vatnet er kjend som eit av dei beste fiskevatna i landet. Rekordfangstane på garn og stong er 15.5 og 12.1 kg. Det føregår eit relativt stort næringsfiske i vatnet, og t.d. rakauren frå Jølster held høg kvalitet. I det heile er det svært fin kvalitet på fisken i dette vatnet, og dette skuldast i første rekke god regulering av fisket, men også rikeleg tilgang på næring for fisken. Jølstravatnet har gjennom tidene hatt fleire båtruter. Det knyter seg mykje dramatikk og ulukker til vatnet. Mange har drukna der og fleire store ras har teke både liv og eigedom

Eit eldre postkortbilete av Jølstra

Vatnet er ein sentral og dominerande del av landskapet i Jølster. Såleis har det vore motiv for mange målarar og fotografer. Den mest kjende i så måte er Nikolai Astrup (1880-1928), som har Jølstravatnet i mange av sine motiv.