Jørgen Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Moe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. april 1813
Hole
Død

27. mars 1882 (68 år)
Kristiansand kommune

Yrke lyrikar, prest, skribent, folklorist, barnebokforfattar, teolog, eventyrsamlar, prosaforfatter
Språk norsk, dansk
Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Engebret Olsen Moe
Jørgen Moe på Commons

Jørgen Engebretsen Moe (fødd 22. april 1813 i Hole, Buskerud, død 27. mars 1882 i Kristiansand)[1] var ein norsk biskop og forfattar, særleg kjent som eventyrsamlar, ein av pionerane for innsamling av folkedikting i Noreg på 1800-talet.

Mo gard i Steinsfjerdingen i Hole kommune, Buskerud, heimplassen til Jørgen Moe.
Foto: Tom Bjørnstad
Moe måla av Christian Skredsvig (1896)

Frå han var ung, samla han eventyr, folkeviser og stev. Saman med Peter Christen Asbjørnsen skapte han samlingane Asbjørnsen og Moe sine Norske folkeeventyr. Som utgjevarar av eventyr og segner er Asbjørnsen og Moe den norske parallellen til Grimm-brørne i Tyskland.[1]

Bakgrunn og familie[endre | endre wikiteksten]

Jørgen Moe vart fødd på garden Mo, som son av gardbrukaren og politikaren Engebret Olsen Moe.[1] Han utdanna seg til prest, og etter å ha tent som kapellan, huslærar og lærar ved Krigsskulen i fleire år vart han i 1863 sokneprest i Bragernes kyrkje i Drammen. Seinare flytte han til Vestre Aker kyrkje i Christiania, og til slutt vart han biskop i Kristiansand.[1]

I 1854 hadde han gift seg med Johanne Fredrikke Sophie Sørenssen, dotter av generalmajor og rektor ved Krigsskulen Fredrik Moltke Sørenssen.[1] Blant borna deira finn ein folkeminneprofessor Moltke Moe, ingeniør Ole Falk Moe og Martha Johanne Védastine Moe som gifte seg med kunsthistorikaren Andreas Aubert.[2]

Forfattar og folkeminnesamlar[endre | endre wikiteksten]

Det var i ungdomen at Moe vart kjend med Asbjørnsen, og dei to drog rundt og skreiv ned eventyr dei vart fortalde. Medan Asbjørnsen likte korte og gjerne morosame historier, var Moe meir oppteken av dei meir alvorsame undereventyra og legendene.

I tillegg til eventyrsamlinga gav Moe òg ut sjølvskrivne verk, både dikt og forteljingar. I 1881 vart Moe utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Sonen hans, Moltke Moe, tok opp arven etter både Asbjørnsen og far sin.

Hovudverk[endre | endre wikiteksten]

  • Norske folkeeventyr, 1841. Med Peter Christen Asbjørnsen.
  • Digte, 1849.
  • I brønden og i tjernet, 1851.
  • At hænge på juletreet, 1855.
  • En liten julegave, 1860.
  • Samlede skrifter, 1877.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Ørnulf Hodne. «Jørgen Moe». Norsk biografisk leksikon. 
  2. Nils Messel. «Andreas Aubert». Norsk biografisk leksikon. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jørgen Moe
Wikisource Jørgen MoeWikikilden (frie originaltekstar)