Jørgen Tandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Tandberg

Fødd3. juni 1816
Tønsberg
Død28. november 1884 (68 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
BarnJens Frølich Tandberg
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1857–1858)
  • vararepresentant til Stortinget (1874–1876)
  • vararepresentant til Stortinget (1877–1879)
  • biskop i Agder og Telemark (1882–1884) Sjå dette på Wikidata

Jørgen Johan Tandberg (3. juni 181628. november 1884) var ein norsk biskop og stortingsmann. Han var far til Jens Tandberg.

Tandberg var fødd i Tønsberg, der far hans var prest. Han vart sjølv student 1833 og cand.theol. i 1838. Frå 1842 var han lærar ved borgarskule i Christiania, deretter styrar av borgarskulen i Fredrikstad året etter. O 1848 vart han residerande kapellan i Haus. Sidan var han tredjeprest ved Trefoldighetskyrkja i Christiania frå 1858 og kapellan ved domkyrkja i hovudstaden frå 1866. I 1870 vart han stiftsprost i Oslo og i 1882 biskop i i Christiansand stift eller Kristiansand.

Tandberg var medlem av den store kyrkekommisjonen frå 1859 til 1865, samt dissentarlovkommisjonen 1879. I 1874 stifta han Komitéen for Den norske kirkes misjon ved Schreuder og leia denne til 1882.

Tandberg representerte Søndre BergenhusStortinget 1857 og omframstortinget 1858. Han var medlem av kyrkjekomiteen.

Jøgren Tandberg døydde i Kristiansand i 1884, etter berre to år med bispestaven.