Jørgen W. Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jørgen Wright Cappelen (8. oktober 180510. juni 1878) var ein norsk bokhandlar og forleggar, grunnleggar av J. W. Cappelens Forlag. Ulrik Frederik Cappelen og Nicolai Cappelen var brørne hans.

Cappelen var frå Porsgrunn, der faren dreiv det stort med handel og som skipsreiar. Sjølv var han i ungdomsåra særleg oppteken av religiøse sprøsmål. Han planla å vert misjonær og utdanna seg i den retning i Basel i Sveits. Grunna sjukdom gav han opp den livsvegen. Han var interessert i religiøs litteratur og folkeopplysning. I 1829 opna han bokhandel i Christiania, og dreiv samstundes forlagsverksemd, slik brukvisa var. Både bokhandel og forlag dreiv han livet ut. J. W. Cappelens Forlag var i eiga til etterkomarar av han til 1984.

Frå 1851 til 1870 var Cappelen den aller fyrste formannen i Den norske Bokhandlerforening.

Cappelen døydde på storgarden Oppegård i Akershus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Einar Boyesen: J.W. Cappelen 1805–1878: noen blad av norsk bokhandels og norsk kulturkamps historie, Oslo 1953
  • Harald L. Tveterås: I pakt med tiden – Cappelen gjennom 150 år 1829-1979, Oslo 1979
  • Lambrecht Haugen: Cappelen-slekten 1627-2008, Rosendal 2008