Jørgine Boomer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgine Boomer
FødenamnJørgine Rolfsdatter Slettede
YrkeHotellstyrar
Fødd18. august 1887
FødestadLom kommune
Død7. mai 1971 (83 år)
DødsstadNew York by
GravlagdStorhaugen gard
Bøverdalen i Noreg
MorMarit Jonsdatter Slettede (1860–1941)
FarRolf Olsen Visdalen (1851–1905)
EktefelleRichard Sloane
(oktober 1915–april 1916)
Lucius M. Boomer
(september 1920–juni 1947)
FarRolf Olsen Visdalen (1851–1905)
MorMarit Jonsdatter Slettede (1860–1941)

Jørgine Slettede Boomer (fødd 18. august 1887 på Lom, død 7. mai 1971 i New York) var ei norsk-amerikansk forretningskvinne og gründer som er kjend for å ha kome frå fattige kår til å bli deleigar og ansvarleg for eit av verdas mest kjende hotell, Waldorf-Astoria i New York, der ho blei verande i over 40 år.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jørgine Slettede var fødd på husmannsplassen Utafor i Bøverdalen. Foreldra var husmannen Rolf Olsen Visdalen (1851–1905) og Marit Jonsdatter Slettede (1860–1941).[1]

I 1903 utvandra ho til USA saman med den tre år eldre systera Mari. Etter ei lang reise via Otta, Kristiania, Bergen, Hull, Liverpool, New York, Chicago og Minneapolis, kom dei til onkelen sin farm i Fergus Falls i Minnesota. Her fekk Jørgine arbeid og byrja utdanna seg med kveldskurs.[1] Mari Slettede døydde av nervefeber kort tid etter at dei kom fram.[2]

I 1905 byrja Jørgine Slettede å studera sjukepleie ved Minnesota Mental Institution i Minneapolis. Ferdig utdanna fortsette ho til New York for å studera medisin ved Columbia University. Ho blei kjend med kirurgen Richard Sloane (1881–1916), som underviste ved universitetet, og i 1915 gifta dei seg. Same året vitja Jørgine Noreg for første gong sidan utreisa.[1]

Sloane døydde allereie i 1916, men etterlét enkja økonomiske interesser i General Motors og kontaktar i sositeten i New York. Ho fekk amerikansk statsborgarskap i 1917, og var no kjend som Georgia S. Sloane.[1]

Hotellverksemd[endre | endre wikiteksten]

I 1920 gifta ho seg for andre gong, med hotelldirektøren Lucius Messenger Boomer (1878–1947). Boomer var deleigar av Waldorf-Astoria Hotel, som Jørgine også blei verksam i, i tillegg til fleire andre hotell og den store is- og sjokoladefabrikken Louis Sherry i New York. Då Empire Street Building skulle byggjast på den gamle tomta til hotellet, blei eit nytt Waldorf-Astoria-hotell reist på Park Avenue. Dette hotellet opna i 1913 med president Herbert Hoover til stades. Hotellet hadde 1700 rom og plass til mellom 5 000 og 6 000 gjestar. På Jørgine Boomer si tid hadde hotellet 1 800 tilsette.[1] Familien Boomer hadde to barn, sonen George og adoptivdottera Bonita. Dei budde i 37. etasje av hotellet.[2]

Jørgine Boomer møtte ei rekkje kjentfolk og stod på venskapeleg fot med mellom anna Harry Truman og Dwight Eisenhower, Charlie Chaplin, Benny Goodman, Douglas Fairbanks, Kirsten Flagstad, Roald Amundsen, Fridtjof Nansen, kong Haakon VII, kronprins Olav og kronprinsesse Märtha og Trygve Lie. Ho skal ha gjeve den unge Frank Sinatra ein sjanse ved å tilsetja han ved hotellet.[1]

Eigedommar[endre | endre wikiteksten]

«Jorgine Boomer House» teikna av Frank Lloyd Wright.

Jørgine Boomer kjøpte naboeigedommen til heimstaden Utafor, Nyjordet, i 1921. Her bygde ho tømmervillaen «Villa Jotunheim», som også var namnet på sommarhuset hennar på Long Island ved New York. I 1938 kjøpte ho garden Storhaugen i Bøverdalen, og fekk flytta Villa Jotunheimen dit, i tillegg til å reise fleire nye bygg.[3] Her budde ho seinare når ho vitja Noreg. Ho fekk seinare bygd fleire andre hus, mellom anna ein villa i Phoenix i Arizona i 1953 som var teikna av Frank Lloyd Wright.[1]

I heimbygda blei Jørgine Boomer kjend med Olav Aukrust, og hjelpte diktaren økonomisk. Ho samla norske antikvitetar, mellom anna frå Aukrust, og viste dei fram ved hotellet i New York. Seinare gav ho delar av samlinga til Trygve Lie, den første generalsekretæren i SN.[1]

Etter at Lucius Boomer døydde under eit noregsbesøk i 1947, fortsette Jørgine hotelldrifta åleine. Etterkvart selte ho likevel verksemda til hotellkongen Conrad Hilton, som også var av norsk ætt.[4]

Jørgine Boomer døydde i 1971. Urna hennar blei nedsett på Storhaugen.[1] I 1988 blei det oppretta eit eige museum om henne i Bøverdalen.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Møller, Arvid. «Jørgine Boomer» (13. februar 2009). I Norsk biografisk leksikon.
  2. 2,0 2,1 Aukrust, Anne. «På sporet etter Jørgine». anneaukrust.com
  3. Historie, storhaugengard.no
  4. «Jørgine Slettede Boomer» (9. februar 2012). I Store norske leksikon.
  5. Aftenposten morgen - Jørgine får museum (30.7.1988, siste side)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]