Jørn Erik Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørn Erik Jensen

Fødd14. august 1954 (69 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Jørn Erik Jensen (fødd 14. august 1954 i Oslo) er ein norsk musikar, radioprogramleiar og kringkastingsleiar.

Etter 10 år som musikar i gruppene Folque, Kong Lavring og Folk & rackare, byrja han i 1986 som programsekretær i musikkredaksjonen til NRK radio, med spesielt ansvar for klassisk tidlegmusikk, men òg folkemusikk frå heile verda. Han laga òg fleire radiodokumentarar.

Etter kvart vart han òg meir engasjert i den tekniske utviklinga til radioen.

I 1994 fekk han av dåverande radiodirektør Tor Fuglevik i oppdrag å etablere ein klassisk musikkanal i NRK.

NRK Alltid klassisk (no NRK Klassisk) starta sendingane 1. juni 1995, med Jørn Erik Jensen som leiar. Han var den første heldigitale DAB-radiokanalen i verda som var i drift 24 timar i døgnet. Sidan då har han vore rådgjevar for radiosjef, teknisk direktør og distribusjonssjef i NRK.[1]

I oktober 2009[2] vart han president i den internasjonale organisasjonen WorldDMB, som utviklar, marknadsførar og eig den digitale radiostandarden DAB.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]