Jørn Sandnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørn Sandnes
Fødd3. mai 1926
Snåsa kommune
Død12. april 2007
NasjonalitetNoreg
Yrkefilolog, professor, historikar
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Jørn Sandnes (fødd 3. mai 1926 i Snåsa, daud 12. april 2007) var ein norsk historikar. Han vart dr. philos. i 1971 og var professor i historie ved Universitetet i Trondheim frå 1975 til 1993. Frå 1993 til han døydde i 2007 var han professor emeritus ved Institutt for historie og klassiske fag.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sandnes var av gardbrukar-slekt. Sjølv gjekk han skulevegen og vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1953 med nordisk hovudfag og hovudoppgåva Elve- og innsjønavnene i Snåsa. Seinare i livet forska han mykje på stadnamn og var medredaktør for Norsk stadnamnleksikon.

Tida 1954–60 styrte Sandnes realskulen i Snåsa. Samstundes skreiv han tobandsverket Snåsaboka. Etter fire år som lektor ved universitetet i Kiel vart han i 1964 tilsett ved Historisk institutt ved Noregs Lærarhøgskole, det seinare Universitetet i Trondheim. Frå 1975 var han professor i historie og åra 1978-81 rektor ved universitetet. Fram til 1992 engasjerte han seg over fleire felt; både fagleg, organisatorisk og universitetspolitisk.

Sandnes tok del då nordiske historikarar i 1960-åra undersøkte busettinga i seinmellomalderen. Basert på dette arbeidet tok han doktorgraden i 1971 med avhandlinga Ødetid og gjenreisning. Trøndsk busetningshistorie ca 1200–1600. Utifrå same materialet skreiv han mange artiklar om politisk, kyrkjeleg og sosial historie.

Perioden 1976–85 redigerte Sandnes lokalhistorietidsskriftet 'Heimen. Til Trondheim sitt 1000-årsjubileum var han hovudredaktør for seksbandsverket om byhistoria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]