Jørund Henning Rytman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jørund Rytman)
Jørund Henning Rytman

Jørund Henning Rytman
Foto: FrPMedia
Fødd4. mai 1977 (46 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
Alle verv

Jørund Henning Rytman (fødd 4. mai 1977 i Oslo) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald nn på Stortinget frå Buskerud fylke i 2005 og vald på nytt i 2009. Ryttman har vore medlem av FrPs landsstyre sidan 2002. I åra 2002 til 2006 var han fylkesformann i Buskerud FrP.

Ved fylkestingsvalet 2003 vart han vald inn i fylkestinget og dermed vald til gruppeleiaren av fylkestingsgruppa.

Rytman begynte sin politiske karriere i FpU, og vart i 2001 2. nestformann. Året før vart han vald inn i FpUs sentralstyre. På landsmøtet i FpU i 2004 tok han ikkje nytt val som 2.nestformann i FpU. Han har også vore organisasjons- og reisesekretær i FpU på heiltid (199899). Rytman var også ansvarleg for etableringa av FrPs studentorganisasjon, Det Liberale Selskab, og han har vore leiar i Drammen Natur og Ungdom og nestleiar i Drammen SOS Rasisme.

Han er utdanna ved Handelshøyskolen BI i Buskerud (20002005).

Hausten 2005 etablerte han saman med ein del andre gründerar ei foreining som skal tale for saka til gründerane. Rytman er styreleiar for Gründerforeninga, og er også frimurar der han har graden II (Nidkjære St. Johannes medbror)[1].

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]