Jøssingfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Jøssingfjorden
Husa innunder hellaren.
Foto: Tobias Spaltenberger

Jøssingfjorden er ein fjord i Sokndal kommune i Rogaland fylke. Fjorden er kjend for den såkalla Altmark-saka under andre verdskrigen. Frå innløpet og inn til Helleren er fjorden om lag 2,5 km lang.

Fjorden er omgjeve av bratte fjellsider med toppar på rundt 200-250 meter rundt fjorden, og endar i ei stor steinur, som var ein stor utfordring for vegbyggarane då noverande riksveg 44 skulle byggast. Vegen forbi ura og opp og inne i ei loddrett fjellside på nordsida av fjorden er framleis ein turistattraksjon langs Nordsjøruta. Det er mogeleg å køyre utanom fjorden mellom Tellnes og Sokndal. Fjellsida stoppar om lag 8 meter før ho møter bakken, og dannar ein stor heller. Der er lite spor av tidlegare bruk, men det har truleg vore busetnad der lenge. I dag ligg det to små hus under helleren og som er har vorte ein kjend turistattraksjon.

Inst i fjorden ligg Nedre Helleren kraftverk. Staden er òg utskipningshamn for bedrifta Titania AS som driv med gruve (dagbrot) og reinseanlegg for titanmalm.

Altmark-saka[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei alvorlegaste åtaka på norsk nøytralitet i byrjinga på andre verdskrig var Altmark-saka den 16. februar 1940. Det britiske krigsskipet HMS «Cossack» borda det tyske skipet tankskipet «Altmark» i Jøssingfjord. Britiske fangar vart sette fri, trass norske protestar. Hendinga vart nytta som argument frå tysk side om at Noreg ikkje var i stand til å vera nøytral i krigen. Etter at Noreg seinare på våren 1940 vart okkupert av Tyskland, kom nemninga jøssing til å tyda ein som var motstandar av okkupasjonen og Nasjonal Samling si styring av landet.