Jøvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jøvik
stad
Land  Noreg
Kart
Jøvik
69°36′15″N 19°49′02″E / 69.60416667°N 19.81722222°E / 69.60416667; 19.81722222
Wikimedia Commons: Jøvik

Jøvik er ei bygd i Tromsø kommune i Troms. Ho ligg på austsida av Ullsfjorden, ved innløpet til fjordarmen Kjosen.

Jøvik var tidlegare ei av dei største bygdene i Ullsfjord kommune. Her låg Jøvik Sildolje & Kraftforfabrik, som rundt 1970 var den nest største sildoljefabrikken i Noreg. Bygda hadde òg eit fiskebruk, og dessutan postkontor og butikk. Sildoljefabrikken vart nedlagd i 1996. Dei siste tiåra har Jøvik vore prega av nedgang i folketalet og ein aldrande befolkning.

Dei største verksemdene i området i dag er to store grustak, liggjande på høvesvis Fornes og Straumsnes.

Bygda har vegsamband gjennom Fv293 til Lakselvbukt og vidare til Europaveg 8. Før vegen vart bygd på 1970-talet gjekk det ferje frå Jøvik til Breivikeidet. Avstanden frå Jøvik til Tromsø sentrum er rundt 100 kilometer. Om den planlagde Ullsfjordforbindelsen vert bygd vil området få redusert reisetida til Tromsø sentrum til rundt halvparten.