Júlio César Soares Espíndola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Júlio César
Personleg informasjon
Fullt namn Júlio César Soares Espíndola
Fødd 3. september 1979 (44 år)
Fødestad Duque de Caxias
Høgd 188 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Toronto FC
Nummer 30
Ungdomsklubbar
Brasil Grajau CC
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2005
2005-12
2005
2012-
2014-
Brasil Flamengo
Italia Inter Milano
Italia Chievo (lån)
QPR
Toronto FC (lån)
130 (0)
228 (0)
0 (0)
24 (0)
7 (0)
Landslag
2004- Brasil Brasil 80 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. april 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014

Júlio César Soares Espíndola, oftast kalla Júlio César (fødd 3. september 1979 i Duque de Caxias i provinsen Rio de Janeiro) er ein brasiliansk fotballspelar. I 2014 spelar han som keeper for Toronto FC i den nord-amerikanske fotballigaen Major League Soccer, på lån frå Queens Park Rangers i engelsk nPower Championship, og for landslaget til Brasil.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Júlio César begynte karrieren sin hjå Flamengo i 1997, som reserve for veterankeeperen Clemer. I 2000 hadde han blitt Flamengo sin førstekeeper, og han heldt fram med å spela for dei til 2004. I januar 2005 gjekk han gratis til Chievo i Italia. Det var spekulasjonar i media om at dette berre var mellombels før han skulle gå vidare til Inter.[1] Regelverket i Serie A avgrensa nemleg kor mange spelarar frå utanfor EU ein klubb kunne ha kontrakt med. Ganske riktig gjekk Júlio César same sommar over til Inter der han fekk ein treårskontrakt, då dei fekk ein plass ledig.[2] I den halve sesongen i Chievo fekk han ingen A-lagskampar.

I Inter var det venta at han skulle bli andrekeeper bak Francesco Toldo, men han etablerte seg raskt som førstekeeper med Toldo som reserve. Inter kom på tredjeplass på tabellen i Júlio César sin første sesong der, men då både Juventus og AC Milan vart diska for kampfiksing, fekk Inter meistertittelen. Inkludert denne sesongen vann Inter Serie A dei fem første sesongane Júlio César var der. I november 2009 fekk han ein ny kontrakt fram til 2014. I 2012 vart han kjøpt av London-klubben Queens Park Rangers, i engelsk Premier League. QPR rykte ned i 2013. I 2014 vart Júlio César lånt ut til Toronto FC i Major League Soccer.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Júlio César vart først kalla inn til landslagstroppen til Brasil i 2003, som reserve for Dida. Han fekk den første A-landskampen sin under Copa América, Amerikameisterskapen, i 2004. Han spelte alle dei seks kampane til Brasil, då Dida valde å stå over turneringa. I finalen mot Argentina redda han eit straffespark i straffesparkkonkurransen som avgjorde kampen, og Brasil vann turneringa.

Dei neste tre åra var Júlio César likevel framleis reservekeeper, og fekk berre 7 landskampar på desse åra. Han var med i troppen til fotball-VM i 2006 som tredjekeeper, etter Dida og Rogério Ceni. Då Dida la opp som landslagsspelar etter VM vart det kamp om førstekeeperplassen fram til hausten 2007, då Júlio César klarde å etablera seg fast som Brasil sin førstekeeper. Med landslaget har han vunne Confederations Cup, også kjent som prøve-VM, i 2009 og 2013.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Júlio César er gift med modellen og skodespelaren Susana Werner. Dei har to born.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Chievo unveil keeper Sky Sports.com 25. februar 2005
  2. «INTER SIGN GOALKEEPER JULIO CESAR». FC Internazionale. 8. juli 2005. Henta 19. juli 2009. [daud lenkje]