J.C. Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
J.C. Dahl
Portrait of J.C. Dahl (Christian Albrecht Jensen).jpg
Portrett av I.C. Dahl av C.A. Jensen frå rundt 1815. Tilhøyrer Statens Museum for Kunst i København
Fødd 24. februar 1788
Bergen
Død 14. oktober 1857 (69 år)
Dresden i Tyskland
Nasjonalitet Norsk
Felt Kunstmålar og professor
Utdanning Det Kongelige Danske Kunstakademi
Periode Nasjonalromantikken

Johan Christian Clausen Dahl (24. februar 178814. oktober 1857) var ein norsk kunstmålar. Han vert ofte omtala som J. C. Dahl eller I. C. Dahl.

Han blir rekna som den første norske biletkunstnaren som kunne måla seg med europeiske meistrar, og som ein av grunnleggjarane av den nasjonalromantiske kunsten som oppstod ved byrjinga av 1800-talet.

Dahl blei fødd i Bergen i 1788 som den eldste av fleire søsken. Far hans (Claus Dahl) var fiskar og flyttmann. I.C. Dahl skulle eigentleg bli handverksmålar, men etter kvart som talentet hans blei oppdaga, blei han hjelpt økonomisk av Lyder Sagen slik at han kunne gå på teikneskule. Dahl studerte mellom anna hjå Johan F. L. Dreier og seinare på Det Kongelige Danske Kunstakademi i København.

I København bygde han seg opp eit namn og flytta seinare til Dresden der han blei professor ved kunstakademiet. Her la han grunnlaget for den norske nasjonalromantiske retninga. Dahl var på stadige besøk til Noreg for å få inspirasjon.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: J.C. Dahl