J.J. Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

James Louis «J.J.» Johnson (fødd 22. januar 1924 i Indianapolis, død 4. februar 2001 same stad) var ein amerikansk jazzmusikar (trombonist, komponist, arrangør). Han var ein framståande representant for bebop- og hard bop-perioden i jazzen.

Johnson var aktiv frå 1942 til 1996 og medverka i ei mengd besetningar og plateinnspelingar. I 1967 spelte han ved Moldejazz med Kenny Drew (p), Niels-Henning Ørsted Pedersen (b) og Alex Riel (tr).[1]

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Ni år gammal tok han til å spele klaver, trombone starta han med som fjortenåring. Han spelte i band saman med trompetisten Fats Navarro, og han fekk stor påverknad på spelestilen til Johnson. Frå 1942 til 1945 spelte Johnson i Benny Carter Orchestra, frå mai 1945 med Count Basie – stort sett i New York, dit han flytta i 1946. Dei neste åra spelte han med små grupper i ulike klubbar med bebop-storingar som til dømes Bud Powell, Max Roach, Miles Davis, Fats Navarro, Charlie Parker og Dizzy Gillespie. Johnson spelte med i Miles Davis Nonett under opptaka av Birth of the Cool

I august 1954 danna Johnson og den danske trombonisten Kai Winding ein duo dei kalla Jay and Kai som blei innlemma i ein kvintett blei svært populære . I tillegg til at han nå blei sett som ein leiande jazz-trombonist byrja han nå å tiltrekke seg merksemd som arrangør og komponist. Mange av dei verka han orkestrerte inneheld både fugato- og korale parti, og konvensjonelle swing-avsnitt.

Etter oppløysinga av Jay and Kai leidde Johnson sin eigen kvintett fram til sommaren 1960, han var på turne i Europa og skreiv stort anlagde verk som El camino real og Sketch for Trombone and Band som blei uroppførd på Monterey Jazz Festival i 1959. I tillegg underviste han ved Lenox School of Jazz i Massachusettsog skreiv ein tredje Third-Stream-komposisjon, Perceptions (for Dizzy Gillespie).

Gjennom 1960-åra kombinerte Johnson karrierene som trombonist og arrangør/komponist: han spelte med Miles Davis si gruppe i 1961-1962, danna eit eige band i 1963 og leidde sin eigen sekstett under ein Japan-turne, mellom andre med Clark Terry og Sonny Stitt.

Frå 1970 budde han i Los Angeles og skreiv hovudsakleg film- og fjernsynsmusikk, men dei sjeldne gongane han stod på scena eller var med på opptak, understreka betydninga hans som trombonist. Eit par år etter at han vende tilbake til heimstaden Indianapolis (1987) spelte Johnson meir enn før, til dømes i Village Vanguard (1988) i New York.

I juni 1997 gjorde han det kjent i jazzmagasinet Down Beat at han trekte seg tilbake frå aktiv deltaking i musikkbransjen for å arbeide med eigne komposisjonar og medverke til sjølvbiografien The Musical World of J. J. Johnson av Joshua Berret og Louis Bourgois III. Dei siste åra leid Johnson av kreft og andre sjukdomar og 4. februar 2001 valde han å avslutte livet for eiga hand.[2]

Stil[endre | endre wikiteksten]

Johnson blir rekna som den viktigaste trombonisten i etterkrigstida og har har påverka ei lang rekke trombonistar. Dei tidlege opptaka (frå rundt 1945) vitnar om ei «tjukk» tone, ein heller aggressiv spelemåte og ein imponerande bevegeligheit. Han minner i det heile om dei tidlege førebileta Lester Young, Roy Eldridge og Fred Beckett.

På 1940-talet utvikla Johnson ein snøggleik og teknisk meistring av instrumentet som fekk mange lyttarar til å tru at han spelte ventiltrombone. Det høge tempoet Johnson spelte med samtidig som han beheldt klarleiken i spelet blei rekna som eksepsjonelt på den tida.

Frå 1947 spelte Johnson med ei noko mjukare tone og nytta ein sparsamt innsett vibrato for spesielle effektar. Resultatet var ein tørr men attraktiv sound som kunne minne litt om valthorn. På denne tida arbeidde Johnson med å overføre bebopen sine melodiske figurar til trekkbasun slik at soloane hans stendig blei snøggare og med bruk av «utanåtlærde» flosklar – som til dømes forminska kvint; den bebop-typiske blue note. Men utover 1950-talet blei spelet hans modnare og han la mindre vekt på formlar og snøggleik, og meir på ei skalaorientert, modal og motivisk spelemåte.

Diskografi i utval[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]