J.P. Jacobsen
Jens Peter Jacobsen (7. april 1847–30. april 1885), best kjend som J.P. Jacobsen (uttalt I.P. Jacobsen på dansk), var ein dansk forfattar fødd i Thisted nord på Jylland. Han byrja den naturalistiske rørsla i dansk litteratur og tok del i det moderne gjennombrotet.
Jacobsen studerte biologi ved Københavns universitet og fokuserte på botanikk, med ei avhandling om ferskvatnalger. Han fekk i oppdrag å stidera floraen på Anholt og Læsø. Han knytta seg til dei nytenkjande brørne Brandes, der særleg Edvard Brandes blei ein nær ven. Jacobsen blei også påverka av tankane til Charles Darwin, og omsette hovudverk hans, On the Origin of Species, til dansk i 1872.
J.P. Jacobsen utvikla tuberkulose i ung alder, og døydde tidleg av dette.
Innhaldsliste |
Verk [endre]
Jacobsen gav ut Fru Marie Grubbe i 1876, ein historisk roman som var den første danske skildringa av ei kvinne som eit seksuelt vesen.
Niels Lyhne frå 1880 skildrar lagnaden til ein ateist i ei nådelaus verd der «trua» hans blir prøvd av fleire prøvingar og tragediar.
J.P. Jacobsen skreiv òg noveller og dikt. Lyrikken hans er meir prega av seinromantikken enn prosaen hans.
Verk [endre]
- Fru Marie Grubbe (1876)
- To verdener (1879)
- Niels Lyhne (1880)
- Mogens og andre Noveller (1882)
- Digte og Udkast (posthumt 1886)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «J.P. Jacobsen» frå Wikipedia på dansk, og «Jens Peter Jacobsen» frå Wikipedia på engelsk den 17. mars 2009.
Bakgrunnsstoff [endre]
- J.P. Jacobsen i Arkiv for Dansk Litteratur, med biografi
- J.P. Jacobsen på Epoke
- J.P. Jacobsen hos Kalliope - tekstar og bibliografi
- J. P. Jacobsens liv og digtning
- Privat hjemmeside om J. P. Jacobsen Selskabet
- Om Arternes Oprindelse omsett av J.P. Jacobsen
- Introduktion til J.P. Jacobsens oversættelse af Charles Darwins Om Arternes Oprindelse
Denne litteraturartikkelen som har med Danmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.