J. Peter Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
J. Peter Robinson
Verkeleg namn John Peter Robinson
Fødd 16. september 1945 (69 år), Fulmer i Buckinghamshire
Aktive år 1960-åra til i år
Yrke filmmusikk-komponist, arrangør, musikar
Tilknytte artistar Brand X, Quatermass, Phil Collins
Nettstad www.jpeterrobinson.com

J. Peter Robinson (fødd 16. september 1945) er ein engelsk komponist som studerte piano og kompoisisjon ved Royal Academy of Music og hadde stor suksess som studiomusikar i 1970-åra for artistar som Phil Collins, Mike Rutherford, Shawn Phillips, Quatermass, Carly Simon, Bryan Ferry, Stealers Wheel, Andrew Lloyd-Webber og fleire andre.

Han starta å skrive filmmusikk i 1985 og har arbeidd med filmar som Bates Motel, Wayne's World, Encino Man, Nightmare Cafe, Wes Craven's New Nightmare, Highlander III: The Sorcerer, Return of the Living Dead Part II, Vampire in Brooklyn (av Wes Craven), The World's Fastest Indian, The Bank Job og Blind Fury frå 1989.

Han skreiv òg noko musikk for den engelske versjonen av Godzilla 2000. I tillegg skreiv han musikk for filmen The Wizard, John Schlesynging-skrekkfilmen The Believers, og to songar til filmen Shelter, og musikk for mange episodar av fjernsynsserien Charmed.

Som arrangør av popmusikk har han arbeidd med Eric Clapton, Manhattan Transfer, Al Jarreau og Melissa Etheridge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]