JAMIC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Japan Microgravity Center (JAMIC) er ein fasilitet i Kamisunagawa-cho i Hokkaido, der det tidlegare blei eksperimentert på mikrogravitasjon. Eksperimenta gjekk føre seg i ei forlatt kullmine 710 meter under bakken, noko som egna seg godt for eksperimentering på gravitasjon og vektlausheit. JAMIC sitt eksperimentelle systemet utnytta den vertikale gruvesjakta. Der slapp dei ein kapsel ned i fritt fall i ein maksimal hastighet på 360 km/t, som er raskare enn høghastighetstoget Shinkansen. I 10 sekund kom kapselen opp i ein tilstand kalla mikrogravitasjon.

Luft på overflata går ikkje inn i plassar djupt under bakken, så temperaturen og fuktigheten der held seg konstant. Fleire eksperimentelle fasilitetar i Japan, inkludert JAMIC, tar difor nytte av ideelle underjordiske omgivelsar.

Fasiliteten vart lagt ned i 2000, og fleire organisasjonar på øya slo seg saman for å skape nye organisasjonar som kunne oppretthalde den eksperimentelle forskninga. Resultatet blei Hokkaido Aerospace Science and Technology Incubation Center (HASTIC), med Ryojiro Akiba som president. Tross innsatsen, så lukkast ikkje HASTIC med å overta fasiliteten, men har likevel funne måtar å støtte forskninga i Hokkaido.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]