Jablanica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jablanica (serbisk Јабланица) er ei 85 km lang elv sør i Serbia. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå ventre og har gjeve namn til ein region med same namn.

Ho spring ut frå fjellet Goljak, nær landsbyen Grbavce, ved grensa til Kosovo. Området er rikt på varmekjelder, så det ligg fleire kurstader langs elva. Etter landsbyane Dupljane og Pečenjevce munnar Jablanica ut i Južna Morava.

Elva høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer sjølv eit område på 895 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]