Jablunkovpasset

Koordinatar: 49°31′00″N 18°45′00″E / 49.51667°N 18.75°E / 49.51667; 18.75
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jablunkovpasset
fjell
Jablunkovpasett sett frå sørsida av fjellet Gírová, sett nordvestover
Land  Tsjekkia
Område Mähren-Schlesien
Fjellkjede Dei moravisk-schlesiske Beskidane
og Dei schlesiske Beskidane
Høgd 553 moh.
Koordinatar 49°31′00″N 18°45′00″E / 49.51667°N 18.75°E / 49.51667; 18.75
Kart
Jablunkovpasset
49°31′00″N 18°45′00″E / 49.516669444444°N 18.75°E / 49.516669444444; 18.75
Wikimedia Commons: Jablunkovský průsmyk

Jablunkovpasset (tsjekkisk Jablunkovský průsmyk, polsk Przełęcz Jabłonkowska) er ein fjellovergang i Beskidane, med ei høgd på opp til 553 meter over havet. Det ligg i Tsjekkia, nær grensa til Polen og Slovakia.

Fjellovergangen skil Dei moravisk-schlesiske Beskidane frå Dei schlesiske Beskidane. Han er ein av dei viktigaste transportrutene i Vest-Karpatane. Europaveg 75 frå Žilina til Těšín går gjennom passet, tillegg til jernbanelinja Košice-Bohumín. Han var òg ein viktig veg i mellomalderen, og knytte øvre Ungarn til Schlesien, eller nærare sagt Cieszyn Schlesien.

Arkeologiske funn viser at det gjekk veg gjennom passet lenge før mellomalderen. Reisande karavaner vart ofte angripe av røvarar, så enkelte festningsverk vart bygd ved dagens Mosty u Jablunkova. Arkeologar meiner dei vart bygd på 1200-talet. Handelsruta vart stadig viktigare og i 1529 vart det bygd nye festningsverk i frykt for åtak frå tyrkarane. Festninga spelte ei viktig rolle under trettiårskrigen. Etter krigen vart festninga renovert og det vart bygd ei ny og større festning i nærleiken av Elżbieta Lukrecja, hertuginna av Cieszyn. Etter kvart det ein permanent garnison her. Festningsverka vart renovert siste gong i 1808. Etter den tid fall festninga frå kvarandre og dei lokale innbyggjarane nytta delar av byggmateriala til andre bygg.

Landsbyen Mosty u Jablunkova ligg i fjellovergangen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Jablunkov Pass» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Irena Cicha, Kazimierz Jaworski, Bronisław Ondraszek, Barbara Stalmach og Jan Stalmach (2000). Olza od pramene po ujście. Český Těšín: Region Silesia. ISBN 80-238-6081-X. 
      • Kartografie Praha (2001). Velký atlas světa. Praha: Kartografie Praha. s. s. 23. ISBN 80-7011-514-9.