Jack Dempsey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Jack Dempsey


Statsborgarskap USA
Fødd 24. juni 1895
Manassa
Død

31. mai 1983 (87 år)
New York by

Idrett boksing

Jack Dempsey (24. juni 189531. mai 1983) var ein amerikansk boksar. Han vert rekna som ein av historias aller beste tungvektsboksarar. Dempsey vart den fyrste boksaren frå Queenberry-æraen som fekk stjernestatus verda over. Han vann verdsmeistertittelen i 1919. Frå då og utover 1920-talet boksa han ei rekkje store kampar.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Dempsey vart fødd i Manassa i Colorado. Då han var 16 år gammal reiste han vestover for å boksa profesjonelt. Det vart sagt at Dempsey kunne gå inn på ein saloon og utfordra til kampar ved å seia: «I can't sing and I can't dance, but I can lick anyone in the house». Ifølgje sjølvbiografien hans tapte Dempsey sjeldan desse barslostkampane.[1]

Den tidlege karrieren hans er relativt ukjend fordi han boksa under pseudonymet «Kid Blackie», heilt fram til 1916. I mellomtida gjorde han sin fyrste kamp som Jack Dempsey i 1914, ein uavgjord kamp mot Young Herman over seks rundar. Etter denne kampen vann han seks kampar på rad på KO (under namnet Jack Dempsey), før han tapte for fyrste gong, ved diskvalifikasjon mot Jack Downes. Han følgde opp tapet med ein siger og to uavgjorde kampar mot Johnny Summerland i Nevada. Etter dette følgde tre nye sigrar og ein uavgjord kamp mot Downes.

Etter detta vann han ti sigrar på rad mot mellom andre Summerland og Downes. Desse vart følgde av tre kampar utan avgjerd (ingen dommarar). I denne perioden nekta Dempsey å stilla opp mot Sam Langford, ein svart boksar som no er innleamma i Hall of Fame. I 1917 vart Dempsey slegen på KO for fyrste gong i karrieren. Brannmannen Jim Flynn vert dermed den einaste mannen som slo ut Dempsey.

Verdsmeister[endre | endre wikiteksten]

I 1918 boksa Dempsey 17 gonger, noko som resulterte i ein 15-1 statistikk. (15 sigrar, eitt tap og ein ikkje avgjord kamp). Dempsey revansjerte mellom anna tapet mot Flynn ved å knocke han ut i første runde. I 1919 møtte han Jess Willard og vart verdsmeister. I den fyrste kampen for å forsvara tittelen møtte Dempsey Billie Miske som han enkelt slo ut i 3. runde. Seinare viste det seg at Miske leid av ein ulækjeleg sjukdom og at han stilte mot Dempsey for å sikra familien sin etter sin eigen død. Dempsey uttrykte alltid anger, medan andre syntes om denne kampen og sa i ettertid at han ville gjeve Miske pengane om han hadde visst om den vanskelege situasjonen han var i.

Tittelforsvarar[endre | endre wikiteksten]

Før Dempseys kamp mot Georges Carpentier

Dempsey boksa ein tittelkamp før han forsvarte tittelen mot meisteren i lett tungvekt, Georges Carpentier frå Frankrike. Detta vart den første kampen i historia til å nå ein million dollar i billettinntekter. Dempsey brukte 4 rundar på å slå ut Carpentier på KO framfor 80 183 tilskodarar. Etter denne kampen nådde populariteten til Dempsey uventa høgder då han vart ein av dei 5 største idrettsutøvarane i USA på 1920-talet, saman med mellom anna Babe Ruth.

I 1922 boksa han berre ein offisiell kamp, og dessutan enkelte reine treningskampar.

I 1923 boksa Dempsey to gonger, ein kamp mot Tommy Gibbons i småbyen Shelby i Montana. Denne kampen vart ein finansiell katastrofe. I den andre kampen detta året vann Dempsey på knockout i andre runde i ein dramatisk kamp mot argentinaren Luis Firpo.

I 1925 gifta Dempsey seg med skodespelaren Estelle Taylor. Tittelen forsvarte han ikkje igjen før i 1926. Dempsey boksa òg to treningsrundar mot den framtidige verdsmeisteren Max Schmeling under ein tur til Tyskland.

Dempsey og kona hans

Tap av tittelen[endre | endre wikiteksten]

I 1926 møtte Dempsey ekssoldaten Gene Tunney i Philadelphia. Han tapte tittelen på poeng i ein kamp over 10 rundar, framfor eit rekordstort publikum på heile 120 557 tilskodarar.

Dempsey gav seg ikkje med det. I 1927 slo han den framtidige meisteren i tungvekt, Jack Sharkey, i ein kamp om retten til å få møta Tunney i ein ny tittelkamp. Denne kampen gjekk av stabelen 22. september, eitt år etter at han hadde tapt tittelen til same mann. Dempsey tapte denne kampen på kontroversielt vis, då han ikkje gjekk til det nøytrale hjørnet etter å ha knocka ut Tunney, dette gav motstandaren ekstra tid til å koma seg på, noko som medførte at Tunney truleg låg nede ein stad mellom 13 og 16 sekund ifølgje historikarar og filmskaparar. Då dommaren byrja å telja kom Tunney seg opp etter 9 sekund. Dempsey prøvde å slå Tunney ut for godt i same runde, men mislukkast. Tunney kom attende og kunne knocke Dempsey i runde 8 og vann så kampen einstemmig på poeng. Kampen har seinare vorte kjend som The Battle of the Long Count.

Etter karrieren[endre | endre wikiteksten]

Etter denne kampen la Dempsey opp og opna restaurant i New York, som han dreiv heilt fram til 1960-talet.

Dempsey skilde seg etter det siste tapet, og gifta seg på nytt med Broadway-songaren Hannah Williams i 1933.

Legenda seier at Dempsey på sina eldre dagar ein gong vart freista rana av tenåringstjuvar. Dempsey slo dei ned og heldt dei fast til politiet kom.

Dempsey vart nær ven av mellom anna Tunney etter at karrieren var slutt.

Jack Dempsey er gravlagd på Southampton Cemetery i New York.

Dempsey er òg innlemma i International Boxing Hall of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jack Dempsey The Manassa Mauler». worldinsport.com. 12. januar 2014. Henta 23. januar 2014.