Jack Casady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jack Casady
Jack Casady.jpg
Jack Casady spelar med Hot Tuna i 2005.
Fødd 13. april 1944
Washington, D.C. i USA
Instrument Bass
Sjanger Rock, blues
Aktive år 1960-åra til i dag
Tilknytte artistar Jefferson Airplane, Hot Tuna, Moonalice, Jimi Hendrix, SVT
Nettstad www.jackcasady.com
Kjende instrument
Fender Jazz Bass (1962-1967)
Guild Starfire II (1967-1972)
Alembic No . 001 «Mission Control» (1972-1975)
Fender Precision Bass
Epiphone Jack Casady Signature Bass (1998-til i dag)

John William «Jack» Casady (fødd 13. april 1944) er ein amerikansk musikar som er mest kjend som bassgitarist i Jefferson Airplane. Han spelte først sologitar med Washington D.C.-bandet The Triumphs, før han bytta til bass på vidaregåande skule. Han vart bassist for Jefferson Airplane då sologitarist Jorma Kaukonen, ein klassekamerat og tidlegare rytmegitarist i Triumphs, inviterte han med seint i september 1965. Jefferson Airplane vart det første suksessfulle bandet frå San Francisco-miljøet. Singlane deira, med «Somebody to Love» og «White Rabbit», hadde ein meir polert stil og nådde hitlistene i 1967 og 1968. Casady vart i lag med andre medlemmar av Jefferson Airplane, innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1996.

Då han gav seg i Jefferson Airplane i 1970-åra starta han bandet Hot Tuna i lag med Kaukonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]