Jack Green

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jack Green
Fødd 12. mars 1951
Instrument Gitar
Yrke Musikar
Tilknytte artistar T. Rex

Jack Green (fødd 12. mars 1951 i Glasgow i Skottland) er ein britisk musikar.

Green spelte med T. Rex mellom 1973 og 1974, og så med The Pretty Things mellom 1974 og 1976. Etter at Phil May forsvann frå the Pretty Things heldt han fram i lag med Peter Tolson, Gordon Edwards og Skip Allen i Metropolis. Han var òg medlem av Rainbow i tre veker seint i 1978.

Han la ut på ein eigen solokarriere med albumet Humanesque i 1980, etterfølgd av Reverse Logic i 1981, Mystique i 1983 og Latest Game i 1986.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]